Sabbat med laurdagsfotball
Stabæk-spelar Melissa Wiik ofrar sabbaten for fotball, og synast det er urettferdig at kvinnefotball underdekkast. Og så avslører ho sin største flause.
Melissa Wiik jublar etter å ha vunne fjorårets cupfinale for Stabæk. Ho er einig med medieforskar Liv Iren Hognestad som etterlyser meir kvinneidrett i avisene. – Vi presterer alltid høgt i internasjonale meisterskap, framhevar Wiik.
Gr tt, Vegard Wivestad
Medieforskar Liv Iren Hognestad har undersøkt tre regionsaviser sør i landet. Blant funna er at kvinnefotballen berre utgjer mellom 3 og 4 prosent av fotballstoffet i Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad. Kva synes du om det, Stabæk-spelar Melissa Wiik?
– Når fotball er den største idretten hos kvinner i Norge, er det veldig urettferdig. Vi presterer alltid bra i meisterskapa og tok sølv i EM i fjor. Interessa rundt toppserien i Norge er vilt mykje lågare enn tilsvarande liga i til dømes Sverige og Tyskland.
Amazon Grimstad spelar i Toppserien, men nyheitsleiar i Fædrelandsvennen, Arild Sandvik, seier at saker om Amazon ikkje blir lesne. Det er vel eitt godt argument for å gi klubben lite spalteplass?