– Det var mange i norsk allmente som konkurrerte om plassen på albumcoveret dette året, men Ropstad stod fram som ein vinner, fortel kunstnaren bak illustrasjonen, Kari Westergaard.

Plateselskapet «Fucking North Pole Records» starta i fjor med å gi ut årlige samleplater for norsk punkmusikk. I år er det Krf-leiar Kjell Ingolf Ropstad som pryder framsida. Han er framstilt med svarte auge og ein regnboge som stråler ut av munnen. På den eine skulderen står to små djevlar.

– Djevlane er forbundne med utsagnet til Ropstad om at viss ein klarer å bera fram eit barn, kan ein også klare to, fortel ho.

Ho fortel at albumcoveret er inspirert av skrekkfilmar frå 70-talet. Ho fortel at ho har framstilt KrF-leiaren som ein skummel figur som smiler med munnen, men ikkje med auga.

Kva er det med Ropstad som er så problematisk?

– Ropstad har vist seg fram som ein politiker med arkaiske holdningar som ikkje høyrer heime i 2019, seier Westergaard.

Leiar for plateselskapet «Fucking North Pole Records», Robert Dyrnes, fortel at plata inneheld punkmusikk frå heile Noreg.

– Låtane er politiske, noko albumcoveret er ein del av, seier Dyrnes.

Westergaard og Dyrnes vil oppfordra folk til å høyra på musikken, og ikkje kun sjå på coveret.

LES OGSÅ: Ropstad vil ikke gå i parade, men møter i mottagelsen av Oslo Pride.

Dyktig politiker

Leiar for Krfu, Martine Tønnessen, meiner bilde albumcoveret kan få stå for egen rekning.

– I Norge har me tradisjon for kunstnerisk fridom og maktkritikk. Det er bra, seier Tønnessen.

Ho er samstundes ikkje einig i framstillinga av Ropstad.

– Eg meiner Ropstad er ein dyktig politikar og ein god leiar for Noregs beste verdiparti. Så får andre meiner det de meiner, seier Tønnessen.

Samleplate

Framsida til platecoveret fra i fjor skapte også merksemd. I fjor var det nemleg eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug som pryda framsida. Ho vart stilt fram med laser ut av auga og med ein munn som vart sydd igjen.