Bøker

Rekalibrert demokrati

Bård Larsen skriv levande, godt og originalt om noko så grunnleggande som liberalt demokrati. Og det trengs.

2018 var på mange måtar eit godt år for bøker om demokratiets død, på engelsk omtalt som «death of democracy»-books. Trong vi endå ei, og attpåtil frå tenketanken Civita? Slik tenkte i alle fall eg då eg byrja å lese Bård Larsens essaybok. Eg fann ganske fort ut at eg tok feil. Larsens bok om prosjektet trengs.

Pedagogisk naudsynt

For kva er det Larsen prøver på i denne boka? Jo, det er eigentleg å rekalibrere oss som kallar oss demokratar til ei fornya forståing av kva det liberale demokratiet er og betyr. Det er jo eit omgrep det er lett å kaste om seg med, både for politikarar og aktivistar av ulikt slag. Kva det betyr, reint konkret, er det ofte vanskelegare å få tak på. Det er her Larsen gjer ein pedagogisk heilt naudsynt jobb.

Det er så mykje bra med boka til Larsen at det nesten ikkje bør nemnast at han sit som historikar for den borgarlege tankesmia Civita. Men det blir tydeleg når han overkommuniserer Senterpartiets populistiske trekk og underkommuniserer element i Frp sine meir radikale populistiske trekk. Det er òg mykje problemskildring og lite forslag til løysingar, men akkurat dette trekket problematiserer Larsen sjølv og gir gode forklaringar på.

Les også: Litteraturen blir ikke mørkere enn dette

Delvis fritt

Likefullt forklarar Larsen på imponerande pedagogisk og velskrive vis kva som er det liberale demokratiets fiendar og utfordringar. Kor er det det knakar i fortøyingane, heilt konkret? Det går på framveksten av radikal populisme, identitetspolitikk, fake news og ein higen etter det autoritære: «Hvis despoten er ønsket av et flertall i folket, hva er problemet? Da er vi ved en stor utfordring for det liberale demokratiet. Autoritært demokrati kan nemlig fremstå intuitivt fornuftig, og det stemmer for så vidt godt overens med den allmenne forståelsen av demokrati: Flertallet bestemmer. (...)».

Konteksten for Larsens bok kunne ikkje vore meir passande.

Utviklinga dei siste åra er så urovekkande at mange liberale demokratar har blitt søvnlause. Rundt oss i ei verd der vi trudde liberale demokrati var komne for å bli, ved å bli såkalla konsoliderte demokrati, er styreforma no på retur til fordel for meir autoritære variantar. I byrjinga av februar kunne vi lese i Freedom House sin årlege rapport at Ungarn ikkje lenger var eit fritt land, men at det no var degradert til karakteristikken «delvis fritt». Det er alvorleg, og mange alvorlege ord blir brukt for å beskrive situasjonen. I eit slikt perspektiv trengs det verkeleg at nokon tar pennen fatt og tar seg mål av å lære andre kva betydinga av orda liberalt demokrati faktisk er.

Den jobben gjer Bård Larsen på ein overtydande måte når han skriv: «Liberalt demokrati fanger opp det filosofen Immanuel Kant en gang beskrev som «the crooked timber of humanity». Kant viste til at mennesker er skapninger som ikke kommer i én utgave eller har samme mål i livet (...). Liberalt demokrati gjenspeiler det for noen sørgelige faktum at vi aldri vil kunne bli perfekte sosiale skapninger i et perfekt tilrettelagt samfunn (...).»

Les også: Romanen om livet til fire menn som er sperret i et liten celle er grensesprengende og morsom

Rot og kompromiss

For når Viktor Orban, Recep Tayyip Erdogan og andre autoritære leiarar verda over kan skryte av at dei er demokratiske leiarar berre fordi dei styrer etter «folkets vilje», gir Larsen ei glitrande og levande skildring av at demokrati er langt meir enn slikt fleirtalstyranni som vi ser i Ungarn og Tyrkia.

I dagens debatt om demokrati og menneskerettar har mange av oss ein tendens til å idiotforklare vestleg liberalt demokrati, ved å vise til alt rotet og alle kompromissa, som oppstår som følgje av denne styreforma. Det er ineffektivt, seier vi kanskje. Det er for mange kompromiss, seier andre. Så erkjenner vi saman at dette er langt frå perfekt, og at mange kan la seg appellere av effektiviteten til den kinesiske autoritærianismen. Bak ligg eit slags premiss om at det fins noko meir perfekt enn det vi har, men som Larsen på glitrande vis får fram i essayboka si, er faktumet mørkt, kjølig og kaldt: Det gjer ikkje det. Liberalt demokrati er det beste vi får.

Boka er liksom ein slags boks med vitaminar retta til dei som vil redde det liberale demokratiet. Ho er ikkje full av fiks ferdige svar, men gir ein god dose sjølvtillit. For det demokratiet vi kjempar for er fullt av rot og kompromiss. Og heldigvis er tanken om det liberale demokratiet milevis frå tanken om det perfekte samfunn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker