Kultur

Reagerer på palestinske lærebøker utan Israel: KrF vil fryse støtta

Israel er fjerna i nye, palestinske lærebøker. KrF vil kutte støtta til palestinske sjølvstyresmakter. – Feilsteg, meiner Palestinakomiteen.

Dei palestinske styresmaktene har oppdatert pensumet i skulebøkene for elevar på alle skuletrinn. I dei er blant anna Israel fjerna frå karta. Alle referansar til fredsprosessar mellom landa i dei siste 25 åra er også utelatne.

Ifølge Aftenposten skal dei innehalde hyppige referansar til krig og konflikt, der krig og martyrdød blir glorifisert og omtalt som det «viktigaste i livet».

Den israelske organisasjonen Impact-se, som har analysert innhaldet, meiner pensumet fremmar ein idé om ein evigvarande konflikt.

– Dei palestinske skulebøkene blir i større grad prega av ein ekstrem religiøs ideologi, seier leiar for Impact-se, Marcus Sheff til Aftenposten.

Vil kutte og gå i dialog med palestinske styresmakter

Stortingsrepresentant for KrF, Hans Petter Grøvan, meiner Noreg no må halde att den økonomiske støtta som går til palestinsk utdanning. Han leier Israels Venner på Stortinget.

– Det som kjem fram i skulebøkene gir rot til bekymring som me må gi tydeleg beskjed om. Det bør skje ved å fryse delar av dei midla me gir til palestinske styresmakter, seier Grøvan.

Han presiserer at Noreg, saman med EU og andre givarland, må gå i ein tettare dialog med dei palestinske styresmaktene og slik freiste å endre innhaldet i pensumbøkene.

– Dette bør ikkje berre verre eit einsidig kutt, men heller vere ein del av ein tett dialog der me siktar mot at skulebøker blir fylt med opplæring av demokrati, fred og toleranse, seier Grøvan.

Han vektlegg korleis utdanning kan førebygge framtidige konfliktar og peiker på korleis Tunisia, Jordan og Egypt har utvikla lærebøker i rett retning. Han er open for at også Israel kan ha rom for forbetring i sitt elevmateriell

Gule: Lærebøkene uttrykker islamisering

Lars Gule er lei seg for det som kjem fram i lærebøkene og ser på det som eit uttrykk for ei viss islamisering av det palestinske samfunnet.

– Det er vanskeleg å sjå for seg eit framtidig samfunn kor palestinarar og jødar skal leve side om side med eit slikt utdanningspensum, seier Gule, som forskar på islam og ekstremisme ved Oslomet.

Islamiseringa, meiner han, kjem av at palestinarar er frustrerte over at det ikkje er nokon fredsprosess mellom partane. Å minske dei økonomiske midlane til palestinske styresmakter vil ikkje vere riktig løysing, meiner han.

– Feilen i bøkene må dei i aller høgaste grad bli kritisert for, men å fjerne den økonomiske støtta kan bidra til ytterlegare radikalisering.

Palestinakomiteen: Kritikken tek fokuset vekk frå Israel

Også leiar for Palestinakomiteen, Kathrine Jensen, meiner at det å halde att støtta til palestinske styresmakter vil vere eit enormt feilsteg.

– Det vil vere å straffe palestinarane ytterlegare, seier ho.

Ho meiner palestinarane ikkje skal vere fritekne frå kritikk, men hevdar at denne saka er med på å skifte merksemda bort frå det som er det mest graverande i konflikten.

– Det skifter fokuset bort frå Israel sine systematiske brot på folkeretten over til ei demonisering av palestinarar, seier Jensen.

EU har starta å granske både palestinske og israelske bøker

EU starta i vår ei nøytral gransking av pensuminnhald på både palestinsk og israelsk side. Her skal ein undersøke i kva grad bøkene bryt med standardane til Unesco om fred og toleranse i utdanningsinnhald.

Noreg auka i år støtta frå 40 til 55 millionar kroner til palestinske utdanningsstyresmakter i samarbeid med Tyskland, Finland og Irland.

Sjølv om støtta frå Noreg held fram, melder Utanriksdepartementet til Aftenposten at dei er glad over granskinga til EU. Dei fortel òg at dei over fleire år har diskutert utdanningsinnhaldet med dei palestinske styresmaktene.

LES MER

Bibelskoleelev døde etter ulykke i Israel

Frykter at Israel står foran et økonomisk stup

Israel reagerer kraftig på EU-krav om merking av produkter fra bosetninger

Det sionist-kristne Norge lukker augo for det som skjer i Palestina

Amnesty: Knebler palestinske røster i parlamentet

Palestinsk aktivist kritisk til egne ledere

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur