Palestinsk filmregissør frå Israel: – 52 israelske lover motarbeider meg
FILM: Den palestinsk-israelske regissøren Scandar Copti ser håp i våpenkvila. Men fred kan vere nokså kunstig, meiner han. Rettferd er viktigare.
AKTUELL: Den palestinsk-israelske filmregissøren Scandar Copti er aktuell med filmen «Happy Holidays».
Alf Kjetil Walgermo
Den palestinske regissøren Scandar Copti vaks opp i Israel og har israelsk pass. Han blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film med spelefilmen Ajami og er for tida aktuell med Happy Holidays. Vi intervjuar han kort tid etter at våpenkvila mellom Israel og Hamas kom i stand, ein avtale han uttrykker optimisme over.
– Vi veit ikkje kor reell våpenkvila kjem til å vere, men ho gir oss håp. Eg har sett folk som dansar i gatene i Gaza, seier Copti.
Situasjonen i Gaza er likevel eit uttrykk for at vi som menneske feilar om og om igjen, meiner han.