Noko nytt for gammal tru
Kveldsgudstenesta i Storsalen er den hippe veslesystera til tradisjonelle kyrkjelydar, perfekt for den som vil møta ei litt annleis kyrkje.
Det er noko anna å gå til gudsteneste etter middagstid. For somme gir det rom for å sova lenge søndagsmorgonen, medan andre kan jobba om søndagen utan å mista trusfellesskapet. Den nesten fulle Storsalen kyrkjelyd klokka nitten denne søndagen vitner iallfall om at mange gjerne drar i kyrkja rett før leggetid.
Dørene inn til Staffeldsgate 4 ligg eit kvartal aust for Slottsparken, og er vidopne trass medium temperatur ute. To personar, som strålar så mykje at regnskyene ute må vike, helsar velkommen. Innanfor døra går skravla godt. Kyrkjekaffien har kome gudstenesta i forkjøpet, og det er også vatn for tørste sjelar på serveringsbordet. Eg skal raskt læra at Storsalen er ei særs sosial kyrkje. Det tar ikkje lang tid før eg sjølv har hilst på nokon nye. Når eg etter kvart får bevegd meg opp i andre etasje til storsalen i Storsalen, der kveldens gudsteneste vert halden, møter eg endå fleire.
LES OM KRAFTVERKET: Kreativitet og tanke i sentrum
Bestill abonnement her
KJØP