Kultur

– Næss snudde opp ned på korleis ein ser på naturen

Dei ulovlege aksjonane for å stoppe inngrep i naturen på 70-talet, har inspirert Silje Ask Lundberg, leiar for Naturvernforbundet til sjølv å trasse loven.

– Arne Næss, saman med Johan Galtung og Sigmund Kvaløy Setreng, var sentrale i utviklinga av tradisjonen for sivil ulydnad. Næss og Galtung omsette Mahatma Gandhi og gjorde filosofien hans kjent for den vestlege verda. Så Næss har bidrege til at vi har ei miljørørsle som driv med ikkje-valdeleg sivil ulydnad i kampen mot inngrep i naturen.

Lenka fast

På 70-talet var Næss aktiv i aksjonane mot miljøøydelegging i Mardøla, Innerdalen og Alta. Silje Ask Lundberg har vore med på fleire ulovlege aksjonar gjennom organisasjonen Natur og ungdom, som ho var leiar for frå 2012 til 2014.

– I 2009 lenka vi oss fast til anleggsmaskinar og sperra vegen for maskinane som skulle byggje fire felts motorveg frå Hamar til Gardermoen. I 2011 sperra vi vegen til Sanderstølen-konferansen kor oljebransjefolk frå heile verda held lukka møter, og i 2015 var eg med på aksjonane mot gruveplanane i Førdefjorden. Bøtene har variert mellom 3.000-10.000 kroner for kvar aksjon.

Nytt blikk

Lundberg meiner at vi ser annleis på naturen i dag takka vere Næss.

– Han snudde opp ned på korleis ein ser på naturen og la grunnlaget for korleis vi forstår økologi i dag. Djupøkologien har fått oss til å forstå at naturen ikkje berre har nytteverdi, men ein eigenverdi. Det er likevel varierande kor mykje omsyn staten tar til naturen. Difor er det viktig å fortsette i Næss' ånd ved å jobbe for solidaritet med naturen, men òg mellom kvarandre.

Nestleiar for Framtiden i våre hender, Christoffer Ringnes Klyve, har ikkje tenkt så mykje på Arne Næss i det siste, men veit at tankegodset hans var med på å legge grunnlaget for organisasjonen.

– Næss var ein av hovudtalarane på stiftingsmøtet i 1974, og ideane hans var med på å forme organisasjonen. I dag er vi nok meir opptekne av å mobilisere folk enn å diskutere etiske problemstillingar. Ein kan vel seie at vi etterlever filosofien til Næss ved å fokusere på handling i staden for berre å prate.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur