Nektar å «pynte» på bibelteksten
BIBELOMSETTING: Kjell Arild Pollestad har hatt dei fem beste åra i sitt liv. No kjem han med ei ny omsetting av Bibelen på norsk – poetisk, bokstavtru og fri frå kjønnsinkluderande språk.
BIBEL-OMSETTAR: Den norske forfattaren, omsettaren og tidlegare pateren, som kallar seg «katolsk prest i unåde», kan ikkje seiast å vere skuggeredd når han no gir ut ei splitter ny omsetting av Bibelen på Forlaget Press. Her er han heime i leilegheita på Bryne i Rogaland.
Caroline Teinum Gilje
Du skal vere godt over middels interessert i Bibelen for å gå i gang med det store arbeidet det er å omsette dei greske og hebraiske bibeltekstane til ditt eige språk. Vanlegvis er bibelomsetting ein prosess som involverer ei lang rekke fagpersonar, men gjennom historia finst det også markante døme på enkeltpersonar som har komme med sin eigen bibelversjon.
Hieronymus, som er vernehelgen for alle omsettarar, gav ut den latinske bibelutgåva Vulgata rundt år 400 e. Kr – og denne er framleis i aktiv bruk, særleg blant katolikkar. Kanskje endå meir berømt enn Hieronymus er reformatoren Martin Luther, som eit drygt tusenår seinare omsette Bibelen til tysk.
Og i haust er det altså Kjell Arild Pollestads tur.