Med skuldkjensla som motor
I det gløymde verket Jesus Messias, trekker Arne Garborg slutningar som ein moderne teolog.
Arne Garborg sleit heile livet med skuldkjensle. Faren til Garborg tok sitt eige liv i 1870. Her er Garborg, måla av Olav Rusti (1912–14).
Wikimedia
Det seier Gudleiv Bø. Han er professor emeritus i nordisk litteratur, og har no skrive bok om Arne Garborgs (1851–1924) kristendom. Ho ber tittelen Jesus frå Jæren, og her granskar Bø ein av dei gløymde tekstane til Garborg: I 1906 skreiv nemleg forfattaren den teologiske avhandlinga Jesus Messias.
– Argumenta hans verkar rett nok å vere historiske, men konklusjonane hans er forbløffande aktuelle, og parallelle med Marcus Borg sine, seier Bø.
Han viser til den liberale teologen og forfattaren som har vore i søkjelyset det siste året. Borgs bok Gjenoppdag kristendommen vart i fjor omsett til norsk. Her gyv amerikanaren laus på det han kallar ein «himmel-og-helvete-kristendom».
Bestill abonnement her
KJØP