Maria Solheim: – Eg innsåg at eg måtte søke hjelp

MUSIKK: Etter skilsmissa for fire år sidan grov Maria Solheim seg ned i eit djupt mørke. No har artisten kutta alkoholen, bede om tilgiving og funne kjærleiken på nytt.

Artist Maria Solheim
LIVET SMILER: Artist Maria Solheim har funne tilbake til livet, lyset og håpet etter den mørke tida med skilsmissekrise og alkoholmisbruk. No er ho aktuell med ny plate – og har nettopp forlova seg på nytt.
Publisert Sist oppdatert

I huset ved Drammensfjorden er Maria Solheim i full sving med å bake sitt daglege surdeigsbrød. Mjølet er økologisk. På stova står det plantar overalt. Dei ringar inn eit lite heimestudio, eit piano og ein sitteseksjon. Ein Spellemann-statuett står diskret plassert i vindaugskarmen.

Førebuingane til releasekonserten for den nye plata hennar gjorde det vanskeleg for henne å sove meir enn 1,5 time i natt. Over fjellet er det første albumet hennar på norsk.

– Det kjennest på ein måte som ein debut, seier ho.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS