Manglar bøker om mindre privilegerte barn

Talet på barn som lever i fattige familiar i Noreg aukar stadig. Men samfunnsframstillingar som desse barna kan kjenne seg att i, er underrepresenterte i nyare barne- og ungdomslitteratur.

Femteklassingane frå Majorstuen skole ser utover byen sin frå galleriet i Rådhushallen.
Femteklassingane frå Majorstuen skole ser utover byen sin frå galleriet i Rådhushallen.
Malin Michelsen og Leonardo Walderhaug frå klasse 5b på Majorstuen skole lytter til opptak av intervju gjort med barn i bydelen Gamle Oslo. Høgtalarane er gøymde inne i leiker og møblar rundt omkring.

Hilde Brinchmann gir femteklassingane frå Majorstuen skole eit oppdrag: Dei skal finne ut kva barna i Tigerstaden er opptatt av.
Hilde Brinchmann gir femteklassingane frå Majorstuen skole eit oppdrag: Dei skal finne ut kva barna i Tigerstaden er opptatt av.
Det er viktig at alle er med på leiken! seier ein av femteklassingane frå Majorstuen skole etter at dei har vore på bysafari og lytta til barnas historier. Skodespelar Helle Haugsgjerd noterer når barna fortel kva dei har høyrt.

Publisert Sist oppdatert

I rapporten «Hvordan er det å vokse opp i en familie med dårlig råd i Norge?» frå 2015 har Redd Barna snakka med norske barn om korleis det er å vekse opp i ein familie med lite pengar. Erfaringane som går igjen, er at det er lett å hamne utanfor fordi ein ikkje har råd til å bli med på fritidsaktivitetar og klasseturar, eller fordi ein ikkje går i dei riktige kleda. Mange strever også med å halde tritt på skulen; dei får kanskje korkje leksehjelp eller arbeidsro heime. Og ikkje alle barn får i seg næringsrik mat så dei kan konsentrere seg om skulearbeidet.

«Lærerne burde være flinke til å lære oss at ikke alle har like god råd. Det er noe man burde begynne å lære seg i barnehagen», seier ei 15 år gammal Oslo-jente som Redd Barna har snakka med.

Det er med andre ord viktig at barn og unge lærer om forskjellane i det norske samfunnet. Men får slike erfaringar plass i forteljingane som finst i litteratur og teater for barn og unge?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS