Kultur

Luthersk Americana

Midt på Frogner finst eit snev av Amerika. American Lutheran Congregation er ei tradisjonell kyrkje med det amerikanske attåt.

Bilde 1 av 5

Ytterst få av oss nordmenn har vore i ei amerikansk kyrkje. Ditt referansepunkt er kanskje som mitt: basert på amerikanske TV-serier, som kyrkja til Bree i Frustrerte fruer eller megakyrkja i Greenleaf. Rett bak Frogner kyrkje i Oslo finst ei amerikansk kyrkje som ikkje liknar nokon av dei. Blant ambassadar og nokre av Noregs dyraste leiligheiter er ei familieorientert, internasjonal kyrkje som overraskande mange kan finna ein plass i.

Amerikansk minimalisme

På utsida er det derimot ikkje så lett å gissa at Fritznersgate 15 er ei kyrkje, iallfall ikkje før ein ser Jesus-statuen som heng høgt på ytterveggen av betong. Kyrkja kunne vel så godt vore eit halvmoderne kunstgalleri, i typisk amerikansk minimalisme-stil. Innsida er meir lik andre moderne kyrkjer, med lyse veggar mot mørke trebenkar. Det klassiske glassmåleriet er bytta ut med nydelege striper av mosaikkglas i ulike fargar. Deira plassering langs veggane gir kyrkjerommet liv, og regnbogen av lys reflekterer mangfaldet eg møter på kyrkjebenken.

Det er mange som har tatt turen til American Lutheran Congregation (ALC). Alle får eit program i døra og blir helsa blidt velkommen. Når gudstenesta tar fatt, opnar organist Bradley Staubes med nydelege tonar frå det flotte orgelet. I god luthersk stil startar me med eldre salmar, syndsvedkjenning og to bibellesingar. Strukturen på gudstenesta er veldig lik den du finn i andre lutherske kyrkjesamfunn.

Etter tekstlesinga, som i dag er henta frå Johannesevangeliet 6,35 og 6,41-51, er det tid for «Children’s Message» – barnas litle preike. Ein bråte ungar kjem opp til scenen for å høyra prest Joel Rova-Hegener fortelja om at Jesus er som brød for oss menneske. Han gjev oss liv slik også brødet gjer, og difor kan me tenka på Jesus kvar gong me et brød.

STORSALEN: Den hippe veslesystera til tradisjonelle ­kyrkjelydar

Introduksjonsrunde

Preika til oss vaksne har fokus på tilgjeving. Prest ­Rova-Hegener ber oss tilgje kvarandre slik Jesus har tilgjeve oss, fordi me skal prøva å gjera slik Jesus gjorde. Vidare fortel han korleis han i mange år har hatt ein kjøleskapsmagnet med eit sitat som seier at slik me fører kvar dag, er slik ­livet vårt blir. Og fordi menneske ikkje er perfekte og ikkje alltid gjer som Jesus, er det så viktig å be om tilgjevnad. Slik kan me retta opp feila våre.

Eg likar korleis Rova-Hegener gjer likninga om at Jesus er livets brød både kvardagsleg og enkel å forstå. Det er ­ingen store ord, men personlege skildringar og resonnement. Samstundes skulle eg gjerne sett at presten hadde ei litt klårare oppbygging av preika. Det hadde gjort ho lettare å følga. Bodskapen var fin, men kunne kome endå betre fram.

Fram til preika er ferdig, er lite av gudstenesta annleis enn i Den norske kyrkja – med unntak av at alt er på ­engelsk. Men så dukker det amerikanske fram, fordi det er tid for introduksjonar. Alle som er nye eller tilbakevendande til kyrkja blir bedne om å reisa seg for å fortelja litt om seg sjølv og kor dei er frå. Godt og vel ti personar får mikrofonen etter tur, og fortel at dei er turistar frå Canada og Japan, og studentar frå North Dakota. Også elles er det stort mangfald blant dei besøkande, både i etnisitet, alder og livssituasjon. Likevel, introduksjonsrunden er så stereotypisk Americana, som tatt rett ut av den amerikanske folkesjela. Kyrkja er internasjonal, men i botn er ho amerikansk.

HILLSONG: Eit mylder av sosiale, unge menneske

Lett å bli sett

Etter introduksjonsrunden, er det tid for å helsa på dei på rekka framføre og bak – trudde eg. Å helsa Guds fred! til andre kyrkjegjengarar har blitt meir og meir vanleg også i norske kyrkjer, og eg syns det er eit triveleg tilskot til det ofte anonyme kyrkjetilværet. Då er det rekka framføre og bak ein helsar på. Folka i ALC går derimot gjerne på tvers av heile kyrkjerommet for å helsa. Det er uvant for reserverte nordmenn, men trivelig.

Når gudstenesta er ferdig, held det sosiale fram. Kyrkjekaffien i kjellaren er ei stor affære, med diverse søtsaker og høgt lydnivå. Fleire kjem uoppfordra bort for å helsa på meg, og det er lett å kjenna seg sett. Eg møter både barnefamiliar, unge og eldre som tar imot. I tillegg får alle som presenterte seg under gudstenesta ein velkomstkonvolutt med meir informasjon om tilbodet til kyrkja, som blant anna inkluderer kvinne- og ungdomsgrupper.

ALC er på mange måtar ein typisk ­moderne luthersk kyrkje i Noreg. Det er liknande liturgi og salmar, og eit knippe aktivitetar utanom gudstenesta. Samstundes ber kyrkja preg av å vera både internasjonal og litt amerikansk. Her helsar alle på kvarandre, og det er fokus på fellesskap. Kyrkjebygget reflekterer kyrkjelyden god: stilreint og ukomplisert, men samstundes med nokre overraskingar.

Viktigst av alt er likevel at kyrkja er eit godt alternativ for dei som vil ha den tradisjonelle statskyrkja dei er vant til, med litt anna innpakning. American Lutheran Congregation er ikkje noko fancy eller særs annleis. Det har berre eit strøssel av The American Way over seg som den utadvente nordmann fort kan lika.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur