Kritiserer regjeringas avvikling av gåveforsterking

PRIVAT DONASJON: Frå 2022 er det slutt på statleg forsterking for private donorar. – Veldig synd, seier Fortidsminneforeninga, som skal bruke midlane til eit besøkssenter for Urnes stavkyrkje.

Kronerulling har hindra at arbeidet med det planlagte verdensarvsenteret for Urnes stavkyrkje i Luster stoppar opp.Foto: Martin Lerberg Fossum / NTB / NPK
KULTURMINNE: Urnes stavkyrkje har vorte eigd av Fortidsminneforeninga sidan 1881. Styreleiar Margrethe C. Stang seier gåveforsterkingsordninga gjorde det mogleg for dei å lyse ut ei arkitektkonkurranse om eit besøkssenter til bygget, som havna på UNESCOs verdsarvliste i 1979.
Publisert Sist oppdatert

– Eg forstår regjeringa si grunngjeving, men eg meiner det er ein dårleg ide, seier Margrethe C. Stang.

Ho er styreleiar i Fortidsminneforeninga, som sidan 1844 har jobba for å sikre norske kulturminne. I dag eig og forvaltar organisasjonen 43 historiske eigedomar rundt om landet, mellom dei åtte av landets 28 stavkyrkjer, samt fire steinkyrkjer og fire klosterruinar frå mellomalderen.

– Som ein liten organisasjon betyr det veldig mykje. Det er ein stor andel av inntektene våre. Dette er veldig synd.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP