Kultur

Kreativitet og tanke i sentrum

Det gir meg ei ro å høyra på preika i Kraftverket, ei ro som eg sit igjen med fleire dagar etterpå.

Bilde 1 av 2

Etter sein lunsj i kjellaren på Bislet Bad, eller nokre springerundar på stadion, kan du med senka skuldrer rusla innom Kraftverket. Kyrkjelyden reflekterer dei til tider ustrukturerte og undrande unge som vonar å finna sin plass mellom hipster og normcore på skalaen. Her finn du både ein haug småborn og sekulære rockeballadar, nett slik Bislett elles er.

Blant kontorbygg, pubar, bustadblokker og trikken finst kyrkjebygget, som eigentleg tilhøyrer Oslo Vestre Frikirke. Dei har klart å få inn mykje kyrkje på den vesle tomta, med brun teglstein frå kyrkjeveggane heilt ut i gata. Den inneklemte kyrkja kunne like godt smoge seg mellom to blokker i Brooklyn som i Oslo. På toppen er eit lite spir, som saman med den bratte trappa og endå brattare taket syner godt at her er eit gudshus.

Ein skokk med ungar

Det første eg møter når eg går inn, er bunadskledde menneske og ein smilande person som står i døra. Om 15 minutt skal eg forstå at det er pastor Kjetil Gilberg sjølv, han som starta og driv Kraftverket, som ønskjer alle velkommen. I den vakre kyrkjesalen er det meste i gammalt tre, medan det i benkeradane er unge spirer som rår. Det ungdomlege i kyrkja står i klar kontrast til dei snart 100 år gamle veggane.

I motsetnad til i dei fleste andre kyrkjelydar eg har vitja, har Kraftverket så og seia ingen eldre på besøk. Med nokre få unntak er alle under 40. I tillegg er det ein skokk med ungar, i hovudsak i barnehagealder. Den over halvfulle kyrkja vitnar om ein solid base som har tatt turen denne ettermiddagen. Dessutan er det mykje liv i folka som helsar og skravlar medan dei hentar ein kaffikopp inst til høgre i det L-forma rommet.

Når eg set meg ned på ein av dei gamle trebenkane, kan eg likevel ikkje la vera å tenka litt over kor einsarta menneska i rommet er. Medan dei i mange andre kyrkjelydar i hovudsak er pensjonistar, er dei i Kraftverket i hovudsak småbarnsforeldre. Det kjenst like isolerande for meg, som ikkje har ein baby på armen, som det gjerne er for unge i ein kyrkjelyd der nesten alle abonnerer på Vi over 60. Når det i tilegg berre er kvite folk som verkar som om dei alltid har vore kristne, syns eg det er rart å førestilla meg kva min plass i denne kyrkjelyden skulle vore. Det er flott å endeleg møte ei ung familiekyrkje, men då er det spesielt viktig med mangfald på andre måtar.

Balansekunst

Med eitt byrjar musikken. Eg elskar orgel, og ser med glede at orgelpipene er den store dekoren over det elles ganske nøytrale altaret. Difor må eg innrømma at det skuffar når det er ein gitarist, ein bassist og ein trommeslagar som byrjar på første song. Men orgelet er kjapt gløymt når roleg rockemusikk fyller rommet. Spesielt tar songstemmen til gitaristen tak i meg. Dessutan set Ryan Adams sin songtekst om lyset ei annleis tone for gudstenesta enn den klassiske salmen ville gjort.

Nett dette med Kraftverket sitt musikalske fokus var det eg hadde høyrd om kyrkja på førehand. Kyrkja skriv på nettsida si at musikken har et rufsete uttrykk. Kanskje siktar dei til kombinasjonen av halvt om halvt rockeballadar og salmeskattar i løpet av gudstenesta? Eller er det korleis songaren alltid byter ut ordet brør med søstrer eller eit kjønnsnøytralt omgrep? Ikkje veit eg. Men annleis er det.

Kanskje eit minutt ut i første låt forstår eg at også den sekulære rockemusikken kan skapa eit rom for ettertanke og tru. Eg hadde ikkje tenkt at How much light både skulle gi meg høve til å reflektera over kvifor eg trur på Jesus, eller spegla dagens preike så godt som ho gjorde. Balansen mellom det moderne, som for mange er ikkje-kristent, og den gamle kristne kulturarven kjennest så naturlig og så ekte både for Kraftverket si fysiske plassering midt i Bislett-krysset, historia til Frikyrkja, og spesielt unge kristne sin balansekunst i samtida.

CENTRALKIRKEN: Tradisjonelt og moderne

Filosofisk

Etter at dei har sett dåpen - det var altså difor det var så mange i bunad denne søndagen - går borna til søndagsskulen medan pastor Gilberg preiker. Dagens bibeltekst er Johannes 3,16-21, inkludert det mange kallar «Den vesle bibelen». Ho som innleiar preika, ber meg om å førestilla meg å vakne opp og ikkje sjå anna enn svart.

Pastoren talar så om den blinde Bartolomeus, som såg Jesus sine handlingar med hjartet - ikkje augo. Som lyset i verda skal Jesus ta den som trur på han ut av mørket, slik det skjedde med Bartolomeus. Samstundes understrekar Gilberg at sjølv om Gud svarer bønnene våre, er det ikkje sikkert at svaret er så direkte og synleg som Bartolomeus sitt.

Preika er filosofisk, men likevel til å følgja med på for meg. Spesielt treffande tykkjer eg orda om bønnesvar er. Eg er nok ikkje den einaste som har blitt skuffa fordi eg følte at Gud ikkje svarte på bønna mi, anten ho var om sjukdom, gode karakterar eller kjærleiken. Difor gir det meg ei ro å høyra på preika, ei ro som eg sit igjen med fleire dagar etterpå. I tillegg er forklaringane enkle nok til at også dei utan så mange Bibel-referansar forstår kva greia er.

MISJONSKIRKEN: Som å gå attende i tid

Annleis

Gjennom heile gudstenesta er det gode forklaringar på kva som skjer. Før gudstenesta set i gong, seier ho som leier gudstenesta at alle er hjarteleg velkomne til å delta på så mykje eller lite dei sjølv ønskjer. Før nattverden blir både poenget og det praktiske med gjennomføringa forklart. Og med roa som musikken gir, og den vennlege tona, er det lett å kjenna seg velkommen i Kraftverket.

Difor er det leit når ingen av dei som ser ut til å kjenna alle grip fatt i og helsar på nykommaren. Eg hadde håpa at folk var litt meir frampå, slik at eg faktisk fekk bruk for dekkhistoria mi. Det er jo ikkje moro å gå i kyrkja utan å snakka med folk! Kanskje var eg berre uheldig. Om du derimot er ein person som tør ta kontakt, er Kraftverket sine medlemmar særs trivelege å snakka med.

Utover ei gudsteneste med litt annleis innhald, spesielt musikalsk, er Kraftverket lik mange kyrkjelydar med fokus på unge. Dei har husgrupper som samlast i heimane til folk for å snakka om liv og tru, og i juni er det familieleir. Eg likar at det er fokus på at kyrkje er meir enn søndagen, samstundes som at dei legg opp til at det òg finst eit liv utanfor kyrkjelyden.

URANIENBORG: Mellom makt og rikdom

Radikalt

For dei som er vane med Den Norske Kyrkja, gir Kraftverket eit musikalsk og delvis radikalt pust inn i ei tradisjonell gudstenesteform. Likevel er det meir low-key, nytenkjande og med rom for å filosofera. På eit vis er det litt som ein musikkbarnehage for vaksne, kor kreativitet og tanke står i sentrum. Difor, viss du er glad i barn og unge vaksne, vil ha musikalske opplevingar og ei litt annleis, men nokolunde tradisjonell kyrkje, er det verdt å ta ein tur i Kraftverket neste søndag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur