Kraftfeltet rundt talarstolen

TIL DEI LANGE OG DEI SMALE: Ny fotobok frå Erlend Berge viser fram makta knytt til talarstolane i landet vårt. Til bileta har Frode Grytten skrive tekstar om kven som får tale.

Erlend Berge foran sin utstilling 'Kjære alle saman' under DOK-Festivalen 2024. Blomstertorget, Fredrikstad.
SKRÅBLIKK: Erlend Berge med ny bok og utstilling, "Kjære alle saman". – Eg ville ha eit skråblikk på norsk historie, på samfunnsliv, på politikk, seier han.
Publisert Sist oppdatert

Då fotoboka Sjå, eg kjem snart! med bilete frå bedehus i Noreg kom ut i 2018, var Erlend Berge straks i gang med eit nytt fotoprosjekt.

No fortel han at idéen til det nye prosjektet Kjære alle saman! byrja med ei melding av førre bok i Vårt Land.

«Vanligvis har det opprinnelig vært en strategi her, en ordning av rommet slik at ­taleren har vært dets kraftfelt. Men nå, da rommene er ­tomme, ser vi igjen og igjen hvordan ­deres orden har vært skjør», skreiv meldar Erling Sandmo om 2018-boka.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP