Bøker

Korleis selje ei kristen bok?

Bøker frå kristne forlag får sjeldan omtale utanom dei kristne avisene. – Vi jobbar aktivt for å komme i posisjon, seier forlagssjef.

– Når vi gir ut ei bok om fastetida så ventar eg ikkje at VG nødvendigvis er interessert i ho. Men kyrkja og kyrkjelyden er interessert, og dei når vi ut til i andre kanalar.

Det fortel Dan Aksel Jacobsen, salssjef i Verbum forlag, eit av dei store, kristne forlaga i Noreg. I ein vanleg bokhandel er bøkene til dei kristne forlaga sjeldan å finne. Skal du kjøpe bøkene som Verbum, Lunde, Ikon, Hermon eller St. Olav forlag gir ut, må du helst gå til ein kristen bokhandel. Eller kjøpe dei over nett.

Korleis overlever dei kristne forlaga i ein slik marknad?

Heile samfunnet

Jacobsen seier Verbum har ein strategi for å nå lesarar utanfor det kristne segmentet.

– Vi har ein del forfattarar som skriv om bibeltematikk som er av interesse for heile samfunnet. Eg ventar som sagt ikkje at hovudstadspressa er interessert i heile breidda av det vi gjer. Men den kristne pressa ventar eg at skal vere interessert, og det synest eg dei er.

Som eit eksempel på ei bok som har fått merksemd utover den kristne dagspressa, trekker han fram Boka om boka av Hans Johan Sagrusten, som har vore omtalt av både NRK og Klassekampen.

LES MER: Erik Lunde anmelder: – «Politisk teologi» er et kjærkomment bidrag om religion og politikk

Bibelen som humor

Om den kristne bokmarknaden er ein nisje i seg sjølv, så er den katolske bokmarknaden enda mindre. Det kan Kristine Dingstad, forlagsjef i St. Olav forlag skrive under på.

– Dei store opplaga kan vi sjå langt etter. Men eg er nøgd. Eg synest vi når fram med våre bøker. Vi får mykje god omtale til å vere så små som vi er. Vi har ein trufast lesekrets. Men eg kunne sjølvsagt ønskt meg inn i bokhandlane.

Dingstad fortel at ho har høyrt om ein bokhandel som hadde plassert Bibelen under hylle for humor.

– Det er kanskje eit eksempel på at vi ikkje når ut. Men vi har titlar med potensiale.

Stolt publiseringstradisjon

– Kvifor trur du at det er så svak dekning av bøker frå kristne forlag i avisene utanom Vårt Land og Dagen?

– Det handlar vel først og fremst om at sjangeren er vanskeleg å selje inn. Sjølv om menneska i dag søker meining, så søker ein ofte meininga utanfor den institusjonelle religionen. Bøker med merkelapp frå ein institusjonell religion blir nok meir sett på som propaganda enn litteratur.

Dingstad meiner at mange tek feil der, og peiker på at det finst kristne bøker i ulike sjangrar som vil vere interessante og god lesing for dei fleste. Ho trekker fram Reformasjon utan folk av Henning Laugerud, som vart kjøpt inn av Kulturrådet, og boka til Karl Gervin om munkane på Hovedøya.

– Dette er bøker som viser ein underkommunisert versjon av kristendommens historie i Noreg. Dei burde absolutt nå ut til ei sekulær presse.

Men Dingstad legg vekt på at dette er opp til dei kristne forlaga sjølv.

– Det er vårt ansvar å finne nye vegar inn i bokhandlane og inn i media. Vi feirar bokåret i år, og det katolske Noreg står i ein stolt publiseringstradisjon. Vi jobbar aktivt med å komme i posisjon igjen som ei relevant stemme.

Trongt nålauge

Men kva meiner så den sekulære pressa sjølv? Vi spør Bernhard Ellefsen, bokansvarleg og kritikar i Morgenbladet. Kvifor er det ingen bokmeldingar av bøker frå kristne forlag hos han?

- Det er eit trongt nålauge for å bli vurdert. Ein del forsvinn nok også fordi mange av bøkene er for spesialiserte. Dei kristne forlaga er å betrakte som nisjeforlag.

Han innrømmer at dei truleg ikkje har meldt ei Verbum–bok på mange år.

– Det er nok slik at allmenta til desse forlaga ikkje overlappar vår allmente. Men eg får heller ikkje noko informasjon frå desse forlaga.

LEST DENNE? Kristen humanisme er den einaste humanismen som tek heile mennesket på alvor, meiner redaktørane av Segl

Lågare kvalitet

Ellefsen har sjølv jobba i kristen bokhandel og har god oversikt over forlaga det gjeld. Men han trur få bøker er aktuelle for lesarar av Morgenbladet.

– I den grad det kjem ut bøker som har allmennkulturelle ambisjonar, så vurderer vi dei. Når eg vurderer bøker så er det med eitt blikk på kvar enkelt bok. Men gjennomsnittskvaliteten på bøker frå små nisjeforlag er av erfaring lågare.

– Kvifor trur du det er slik?

- Eg trur at dersom det er eit sug etter gode bøker med kristent tilsnitt, så vil større forlag ta dei. Nisjeforlag har lågare terskel for å publisere bøker som dei store forlaga ikkje satsar på. Terskelen blir høgare når det skal ut i det store offentlege rommet.

Ellefsen synest det er heilt greitt.

– Viss du vil lese svakare bøker i din nisje, så finn du dei her. Eg liker å bake, og les fleire dårlege bakebøker med glede.

Eitt sett med briller

Dan Aksel Jacobsen i Verbum tenkjer at Ellefsen har rett i at ein del av bøkene på kristne forlag er for spesialiserte.

– Bøker om dåp og faste angår kanskje ikkje alle. Men på den andre sida så har vi bøker som vil engasjere dei fleste. Når vi greier å binde bibeltematikk til det som er vår felles arv, så opplever vi å bli vurderte av alt frå Dag og Tid og Klassekampen til Aftenposten.

– Men eg håper det ikkje er slik at når ein ser forlagsmerket på boka, så legg ein boka bort. Det kan ikkje vere slik at ein har bestemt seg for at dette forlaget vurderer vi ikkje.

LES OGSÅ: Is God A Populist? setter Norge på det europeisk diskusjonskartet med et viktig bidrag om populisme og kristendom

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker