Bøker

Katolsk årsskrift: 'Kristendom er handling ute på gata'

Kristen humanisme er den einaste humanismen som tek heile mennesket på alvor, meiner redaktørane av Segl.

Ståle Johannes Kristiansen innrømmer at kristen humanisme er eit ­trøblete omgrep.

– Humanisme er eit fyndord som alle kan bruke. Men det finst ulike formar for humanisme, og vi meiner at kristen humanisme er den einaste humanismen som tek heile mennesket på alvor.

Han og Peder K. Solberg er redaktørar for Segl, katolsk årsskrift for religion og samfunn, og årets utgåve­ har fridom som tema.

Kristiansen meiner kristen ­humanisme siktar til grunntanken om at Jesus Kristus er den einaste som openberrar for oss kva som er sant menneskeleg.

– Jesus viser oss at du kan vere fullt og heilt menneskeleg og likevel lide. Det er viktig å hugse i vår tid med framveksten av transhumanisme, der vi strekker oss mot noko overmenneskeleg.

Det katolske landskapet.

Segl blei til i 2012. Da var det tenkt som ei ­vidareføring av det gamle St. Olav tidsskrift som går langt tilbake i tid, og som blant anna Sigrid Undset var redaktør for. Kristiansen seier dei har prøvd å gjere Segl til eit breitt, ­katolsk tidsskrift med vekt på filosofiske, ­politiske, og religiøse ­perspektiv.

I år bidreg mellom anna Kaj Skagen, Marianne Bratteli, Trond Berg Eriksen og Else-Britt Nilsen.

– Vi har alt frå starten av vore oppteken av å ha med forfattarar frå ulike­ bakgrunnar. Og så prøver­ vi å få fram stemmer frå heile det katolske­ landskapet. Men det vi håper bind alt ­saman, er tanken om kristen ­humanisme.

LES MER: Den «lille» kirkelærer Thérèse av Lisieuxs tilforlatelige­ enkle gudsforhold gir oss tillit til at troen ikke er «over evne», skriver Olav Egil Aune

Klimakrisa og metoo.

– De skriv i forordet at det er lettare å kritisere fridomsidealet no enn før. Kvifor er det slik?

– Klimakrisa og metoo viser at fridom til å gjere kva vi vil, er skadeleg. Både på det nære og på det globale plan, seier Peder K. Solberg.

Han meiner vi treng grenser for å bli dei beste utgåvene av oss sjølve.

– Det handlar ikkje berre om at vi skadar andre. Men eit menneske som misbrukar andre er ikkje eit fritt menneske. Og da kjem vi inn på kva for grenser som set oss og andre fri. Dette opnar opp for ein samtale om dei gode grensene.

Kristiansen trekker fram ein tekst i Segl, der teologen Geir Hellemo skriv korleis klima­krisa og metoo viser at individets fridom ikkje kan stå aleine.

– Klimakrisa viser korleis dei fattige i verda må betale for fridomen i Vesten. Her møter vi oss sjølve i døra når peikefingeren plutseleg blir retta mot oss.

LES MER: Noen prøver nok å «åndeliggjøre» ­fasten ved å si at det er viktigere å gjøre godt enn å være sulten, sier Pål Bratbak

Lionel Messi og Frans av Assisi.­

Ein tekst av tidlegare pave Johannes Paul er med i Segl. Der skriv han at fridom ikkje berre er ein rett, men «ei plikt ein tek på seg for andre».

– Fridomen er gitt oss, men det er vår oppgåve å hegne om han for andre. Eg hegner ikkje berre om min fridom, men om fridomen til andre, og derfor kan ­andre opne seg for meg, seier Solberg.

– De nemner askese og «frivillig avståelse» frå godar for å vinne tilbake fridomen. Vil de tilbake til Frans av Assisi?

Solberg ler, og seier vi kunne ha godt av å børste det romantiske støvet av Frans.

– Det er ei stor sprengkraft i bildet av Frans som kledde av seg alle rikmanskleda og forventningane og bindingane som var knytt til dei.

Solberg meiner at ikkje alle kan gjere som Frans av Assisi.

– Men vi kan alle opp­dage noko av det som ligg i fridomen som Frans uttrykker. Vi tenker oss at klosterlivet er avgrensande,­ og det er det jo, men det ligg ein djup fridom i ei slik avgrensing. Slik kunstnarar treng avgrensingar, eller ein Lionel Messi på fotballbana har forsaka og terpa­ detaljar­ for å oppnå briljans, slik treng også vi avgrensing for å oppnå sann fridom, og øving i å gjere det gode.

LES MER: St. Olav bokhandel overlever på krybbesalget før jul. Men det er på hengende håret

Ein moderne helgen.

Årets utgåve av Segl har via stor plass til Dorothy Day (1897–1980), ein amerikansk journalist, ­aktivist og katolikk. Ho vart arrestert som kvinnesaksforkjempar i 1917, og på 1930-talet var ho med og starta opp Catholic Worker Movement, ei pasifistrørsle­ som hjelpte fattige og heimlause. Da pave Frans var i USA i 2015, ­løfta han fram Day i talen til Kongressen.­

Kristiansen seier Day var ein veldig fascinerande person, og kallar ho ein moderne helgen.

– Ho budde i New York og fann fram til kyrkja midt i denne moderne byen. Ho såg dei fattige, og starta ei stor rørsle, var pasifist og politisk aktivist. Ho verker fullstendig uredd i møte med politikarar og politifolk, og i møte med reaksjonære, katolske leiarar.

Ein annan som var veldig oppteken av Dorothy Day, var Sigrid Undset. Ho reiste til USA for å treffe henne, og skreiv dette i 1941:

«Hun var ivrig kommunist i mange år, så ble hun katolikk, og nu har hun et settlement nede i New Yorks verste slumkvarter (...) Jeg kunne ikke seg meg mett på henne (...) Hun er verdt hele Amerika–reisen – å ha møtte henne.»

Søle på beina.

Solberg meiner Day utfordrar oss på kva det vil seie å vere kristen i dag.

– Vi har alltid ønskt å ha med det vi kallar for ‘søleperspektivet’. Kristendom er handling ute på gata, der folk er og lev. Ein kristendom som er redd for å få søle på beina, er ein falsk kristendom. Day utfordrar oss på dette.

– Er ho kontroversiell i Den katolske kyrkja i dag?

– I det store miljøet er ho akseptert, det finst konservative biskopar som kallar ho ein helgen for vår tid. Men det finst enkelte miljø som kanskje er meir redde for den kommunistiske merkelappen.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker