Kolliderte med Sigvart Dagsland, no har politiet tatt ut tiltale
Ein 36 år gammal mann er tiltalt for aktlaus køyring, etter å ha kollidert med Sigvart Dagsland og bandet hans for snart to år sidan. – Lukkeleg for at alle overlevde, seier artisten.
Sigvart Dagsland, keyboardist Torjus Vierli og lydmann Helge Leirvik blei alle alvorleg skadde i ei trafikkulukke i Stange januar 2018.
Fredrik Olastuen / Hamar Arbeideblad
Sigvart Dagsland var på veg heim frå ein konsert på Rena då bilen han sat i frontkolliderte med ein annan bil 16. januar 2018.
Dagsland sjølv, keyboardist Torjus Vierli og lydmann Helge Leirvik blei alle alvorleg skadde, fortalde Dagsland-manager Jan Sollesnes.
– Både dei to andre og Sigvart har vore gjennom omfattande operasjonar, sa Sollesnes.
Bestill abonnement her
KJØP