Kirk Franklin til Noreg
VERDSTURNÉ: Ein av verdas største kristen-artistar kjem til Oslo til hausten.
KJEM TILBAKE: Kirk Franklin under hans fyrste besøk til Noreg, den gongen på Sentrum Scene i Oslo.
Kai-Otto Melau
Den amerikanske gospelartisten Kirk Franklin er ein av dei mestseljande gospelmusikarane i verda, og han har vunne heile 20 Grammy-prisar.
Til hausten skal han ut på verdsturné, og han ser ut til å ha eit godt auge til Norden.
For i tillegg til Rotterdam i Nederland, er det København, Stockholm, Helsingfors og Oslo som får besøk av gospelstjerna. Dagen meldte saka fyrst.