Kultur

Kallar elevane digitale prøvekaninar

– Eg har aldri høyrt nokon seie at skjerm under matpausen er til barnas beste, seier bokaktuelle Gaute Brochmann.

Ingen har oversikt over bruken av skjerm under matpausane på norske skolar. Som Vårt Land skreiv onsdag, er foreldre kritiske. Verken Utdanningsdirektoratet, Utdanningsforbundet, eller Utdanningsetaten i Oslo har tal på kor utstrakt bruken er.

Til barnas beste?

Gaute Brochmann er aktuell med boka De digitale prøvekaninene - Historien om hvorfor barnet mitt plutselig kom hjem med en Ipad i skolesekken. Han seier han ikkje er overraska over at ingen har oversikten over omfanget av skjerm i matpausar.

– Kvifor ikkje?

– Dei har ikkje eingong oversikt over kor mange barneskolebarn som bruker nettbrett.

I De digitale prøvekaninene tek han for seg den digitale revolusjonen som har gått føre seg i skolen. Han hevdar det er ei utvikling utan forsking eller utredning av konsekvensar, verken på læring eller folkehelse. Brochmann seier at bruken av skjerm er mykje meir utbredt enn det han førestilte seg.

– Er skjermbruk under matpausen eit problem i skolen?

– For det første verker det lettvint. Det kan godt hende at det er gode grunnar til det, både med tanke på bemanning og at lærarar har mange oppgåver og lite tid. Men eg har aldri sett nokon stad at det er eit pedagogisk gode. Eg har aldri høyrt nokon seie at skjerm under matpausen er til barnas beste.

Vårt Land skreiv sist veke om foreldre som fortviler over at elevar bruker skolelunsjen til å sjå på Netflix. – Mitt inntrykk er det er blitt ein regel heller enn eit unntak, sa skodespelar Ane Dahl Torp.

Ho la til at det ikkje er lett å hindre at barna blir sittande med skjerm innanfor husets fire ­veggar.

– Når da skolen kjem inn og tilbyr skjermtid som rein underhaldning, slik det er i matpausane­, så tenker eg: Kunne­ dei ikkje heller ha lese ei bok?

Leier i Utdanningsforbundet, Steffen Handal meiner skolane burde diskutere om dei sett av nok tid til at elevane får ete, og korleis matpausane skal bli gjennomførte.

LES MEIR: – Urørte matpakker større utfordring enn skjermtitting

Ingen oversikt

Gaute Brochmann fortel at det er ingen enkelt instans som sit med ansvaret for digitaliseringa i skolen. Det finnes heller ikkje nasjonale retningslinjer eller krav om at ein skal ha digitale læremiddel.

– Det er typisk for vår tid, ansvaret er spreidd utover ulike instansar, og så er det ingen som kan svare på dette. Eg har snakka med byråkratiet og politikarane, dei som driv med skoleforsking og dei som er på skolane.

Ingen av dei har nokon samla oversikt, fortel Brochmann.

– Dei sit og snakkar om sin vesle bit, og kan ikkje gi tydelege svar.

VÅRT LAND: «Myndighetene må ta ansvar og skjerme skolebarnas matpauser fra skjermene»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur