Kirke

– Ho ser sjølv ut som feil type folk og bannar som ein sjømann

Før var ho alkoholikar, stoffmisbrukar, og stand–up komikar. Kva er det med den tatoverte presten Nadia Bolz–Weber?

Nadia Bolz-Weber er no ein bestseljande forfattar og ein kjendis i det kristne USA. Sist veke kom den første boka av henne omsett til norsk, Å finne Gud i feil folk – Vedkjenningar frå eit religiøst (men ikkje veldig åndeleg) liv.

Konservativ bakgrunn

Annette Dreyer, prest i Ellingsrud og Furuset kyrkja i Oslo, høyrte første gong om Bolz–Weber da ho studerte i USA 2010–2013. Sidan har ho lest henne med stor entusiasme.

– Ho pakkar ut luthersk teologi, og greier å ikkje gjere den så verkelegheitsfjern, seier Dreyer, og meiner det kan ha å gjere med Bolz-Webers bakgrunn.

– Ho kjem frå ein religiøs, konservativ familiebakgrunn, er tidlegare rusmisbrukar og har vore utanfor kyrkja og trua.

Dreyer trur det har det gitt henne eit språk og ein horisont som fornyar blikket på den lutherske kristendommen.

– I Noreg er vi stort sett oppdratt i protestantisk tradisjon, men Bolz-Weber ser det særeigne ved det lutherske. Og ho viser dette fram for dei som går utanfor kyrkja.

LES MER: Anmeldelse av Kristine Hovdas memoar: En kamp for rett trosmåte.

På skytebana

La oss bli litt betre kjend med kva Nadia Bolz-Weber skriv i Å finne Gud i feil folk. I kapitlet som heiter «Mitt lågaste for Den høgste» blir ho med ein republikansk ven på skytebana, og må etterpå innrømme at ho elska å skyte med handvåpen. Seinare får ho vite at mor hennar er blitt truga på livet av ei mentalt forstyrra kvinne, og skriv: «Då eg høyrde at bror min hadde væpna seg for å verne mi eiga mor, blei eg ikkje så skremd som god våpenkontrollstøttande prest burde bli. Eg var ... letta. Så kva i helvete skulle eg leggje ut på Facebook?»

Eksemplet viser korleis Bolz-Weber gjennom boka tør å utfordre sine eigne meiningar og fordommar. Annette Dreyer meiner ho har ein profetisk stemme.

– Bolz-Webers bøker og preiker er ikkje øvingar i å bli betre, det er ikkje sjølvutvikling. Det handlar om å bli funne der du er, å bli finne av Gud, og bli elska for den du er. Ho seier noko som mange kristne, meg sjølv inkludert, ofte kan gløyme. At Gud er til stede i menneska vi foraktar. Og det er kanskjer der dei kristne møter Gud, i dei dårlege eksempla.

LES MER: Teologi i klima-krisens tid. 

Den norske Bolz–Weber

Sjølv om dette er første gongen Nadia Bolz-Weber blir omsett til norsk, er ho eit kjend namn for fleire. Stian Kilde Aarebrot fortel om ei episode da Mark Scandrette, grunnleggjaren av den kristne kurspraksisen Jesus Dojo, var i Noreg. Scandrette vart introdusert for prest Sunniva Gylver, tok henne i handa og sa: «Du må vere den norske Nadia Bolz-Weber!»

Derfor er det naturleg at vi spør Gylver om kva det er med Bolz-Weber som engasjerer.

– Eg må innrømme at eg ikkje visste om henne før eg fleire gongar fekk høyre at eg likna på henne, seier Gylver.

Dermed vart ho nysgjerrig.

– Eg skjønte det var eit stort kompliment – og altfor store sko for meg. Men ho er utvilsamt ein kollega å bli inspirert og utfordra av.

Kva er det med Bolz-Weber som engasjerer?

– Det er det nok ikkje eitt, enkelt svar på. Eg tenkjer at det handlar om ein kombinasjon av levd liv, fantastisk formidling, djup teologisk nerve, allmennmenneskelege tema, og ærleg teologi.

LES MER: Hustvedts forsøk på å skape fellesskap med leseren veier tyngre enn dens svakheter som tekst.

Klump i halsen

Noko av det som går igjen i Å finne Gud i feil folk er at vi menneske ikkje er perfekte, vi ber syndene våre med oss. Eg spør Gylver om Bolz-Weber er med på å revitalisere omgrepet synd?

– Eg har ikkje fått lest boka enno, berre sett mange av talane hennar på YouTube. Men Nadia kombinerer ein radikal openheit og stadfesting av menneske som nok ikkje alle stadar har opplevd seg velkomne og som ein del av flokken i kyrkja, med tydeleg forkynning om både synda og nåden.

Gylver meiner ho maktar å få fram at vi alle er skapt i Guds bilde. Vi er uendelig verdifulle og samtidig er vi alle syndarar som kjem til kort, feilar og sviktar.

– Ho er ei av fleire stemmer som fyller tradisjonelle teologiske ord med livsnært og friskt innhald. Nadia målar nåden så ein får klump i halsen. Ho er for meg eit godt eksempel på at det går an å stadfeste og utfordre på same tid.

Bannar som ein sjømann

Det første du truleg legg merke til med Bolz-Weber, er tatoveringane hennar. Det neste er bakgrunnen hennar. Eg spør Annette Dreyer om Bolz-Weber er meir enn ein kjendispredikant med kule tatoveringar.

– Ville ho blitt kjendis viss ho såg vanleg ut? Det viktige er at ho har halde fast med å vere den ho er. Og den plattformen ho har fått, den deler ho med andre. Eg opplev at det handlar lite om henne som person, men at ho brukar erfaringane sine til å fortelje noko som er sant om Gud og menneska.

Dreyer trekk fram at ei av kjerneforteljingane til Bolz-Weber er den om Maria Magdalena. Kvinna som har eit ganske dårleg rykte, men som blir den som fortel alle at Gud har stått topp.

– Det er ikkje på trass av, men på grunn av kven ho er og sine erfaringar at ho får dette i oppdrag frå Jesus, om å fortelje alle mennene om oppstandelsen.

– At ho ser annleis ut, oppfører seg annleis, gjer det ho fortel meir truverdig. For ho ser sjølv ut som feil type folk og bannar som ein sjømann. Bolz-Weber står ikkje fram som ei moralsk høgborg når ho snakkar. Det kjem klart fram at ho treng nåden like mykje som oss andre.

Mørke og depresjon

Sjølv om Bolz-Weber i Å finne Gud i feil folk er både privat og personleg, greier ho dette utan at det blir, ja, for privat og personleg. Dreyer meiner dette handlar om at ho ikkje kryssar intimitetsgrensa som ofte blir kryssa i kristen litteratur og forkynning.

– Ho er tydeleg på at ho ikkje er ein leiar som vil skape noko som er avhengig av henne som person. Derfor har ho nok grensar på kva ho deler.

Dreyer seier at viss du prøver å finne ut noko om privatlivet hennar, så vil du finne ganske lite. Bolz-Weber slutta å vere pastor i kyrkja si, Huset for alle syndarar og helgenar, blant anna fordi ho såg den var i ferd med å bli for avhengig av henne. Det skulle ikkje vere eit fellesskap sentrert rundt eitt menneske.

– Og det trur eg ikkje var ei lett avgjersle for henne, for å vere berømt er noko som gjer oss alle blinde.

– Når ho deler fortida si, så er det ikkje eit blødande sår, ho har avstand til det. Derfor kan ho vise kva det har gjort med henne. Når du høyrer på preikene hennar om mørke og depresjon, så opplevast det som veldig nært, som at ho har opplevd det sjølv. Men òg at ho har funne måtar å leve med det på.

LES MER: Intervju med Kristine Hovda: Jeg vokste opp som en minoritet. 

Mellom predikant og tilhøyrer

Ein stad i Å finne Gud i feil folk spør Bolz-Weber kyrkjelyden sin om kva ho skal snakke om når ho er blitt invitert til å halde foredrag om preikekunst. Ho får til svar at ingen vektlegg at presten skal vere ein eineståande rollemodell. Men nesten alle «elska at presten så tydeleg leverte ei preike ho trong å høyre sjølv – ord dei fekk lov til å overhøyre.»

Kan Bolz-Weber vere eit eksempel til etterfølging i den norske kyrkja?

Sunniva Gylver seier at det kvar søndag framføres mange preiker i Den norske kyrkje, av varierande kvalitet, og som treffer ulike folk.

– Forsking viser at folks opplevingar av preika både handlar om relasjonen dei har til presten frå før, og om eigne livserfaringar og kunnskap som blir sette i sving når dei sit og lyttar. Preika blir til i mellomrommet mellom predikant og tilhøyrer. Vi prestar har ikkje kontroll over kva folk faktisk høyrer oss seie, men vi kan vite at korleis vi er prest og møter folk gjennom veka, er avgjerande for korleis vi blir høyrt på søndagen.

Annette Dreyer meiner prestane i Den norske kyrkje har mykje å lære, sjølv om mange nok gjer akkurat det Bolz-Weber gjer.

– Den presten som vågar å lytte til seg sjølv, til sitt hjarte, og spør seg: Kva treng eg no? Det er ein prest som eg trur beveger.

---

Nadia Bolz-Weber

  • Luthersk prest og teolog (f. 1969), busatt i Denver.
  • Har vore rusmisbrukar og stand-up komikar.
  • Starta menigheten House for All Sinners and Saints i 2008, som ho gjekk ut av i fjor.
  • Aktuell i Noreg med boka Å finne Gud i feil folk på Vårt Land forlag.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke