Teater

Historieforskar: Det Norske Teatret bidreg til eventyrforteljinga om Oslo-avtalen

Teatera har ansvar for kva versjon av fortida dei er med på å fortelje, meiner Hilde Henriksen Waage. – Ein forskar skal forske og ikkje legge seg opp i repertoararbeidet til teatera, svarar regissør.

På byrjinga av 90-talet reiste israelske og palestinske toppolitikarar til Norge for å snakke og drøyme om ei fredfull framtid. Forhandlingane gjekk føre seg heime hjå ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen. Det storpolitiske dramaet som utspelte seg i stova deira, er utgangspunktet for handlinga i teaterstykket Oslo som har premiere på Det Norske Teatret fredag 11. januar.

Waage har forska mykje på korleis forhandlingane av Oslo-avtalen gjekk føre seg. Ho har lese det engelske manuset og meiner at dramatikaren J. T. Rogers held liv i eit overdrive positivt syn på Norge si rolle i forhandlingane.

– Når Det Norske Teatret vel å sette opp stykket, bidreg det til å halde liv i eventyrforteljinga om Norge som fredsnasjon. Teateret skapar ein illusjon om at Norge kan marsjere inn i Midtausten og skape fred berre med å snakke fint med folk. Det er ei feilaktig framstilling av korleis fred blir til, seier Waage.

LES OGSÅ: Amos Oz er død. Ei viktig og tydeleg politisk stemme i Israel, skriv Lars Petter Sveen.

Israel dominerte

Stykket vart først oppsett i New York i 2016 og har vunne fleire prisar og fått gode omtaler. Waage er likevel ikkje begeistra. Ho tykkjer stykket burde få fram kor dominerande Israel var i forhandlingane.

– Stykket grip ikkje tak i korleis avtalen blei til, eller kven som var den sterke, og kven som var den svake av aktørane. Forsking har vist at Israel var den sterke parten, israelarane har ein klar idé om kva Israel vil gje og ikkje gje i frå seg, medan palestinarane er den svake parten som måtte gjere kva som helst for å få smular.

Ikkje meir eventyr

Som ekspert på nettopp Oslo-avtalen, tykkjer ho lite om å ta stilling til eit teaterstykke som strir med forskinga hennar.

– Eg føler meg som ei «sur kjerring» når eg seier at eg er imot eit teaterstykke. Det set meg i ein vanskeleg situasjon når eg som har forska i tiår på Oslo-avtalen og kvifor det ikkje er noko fred i Midtausten, nok ein gong må ta stilling til denne myta og eventyrforteljinga. Eg hadde ønska ein diskusjon om korleis denne fredsprosessen faktisk blei gjennomført, ikkje ei ny runde med eventyret om dei gode nordmennene.

Forskinga til Waage fortel ein heilt annan versjon enn den som kjem fram i originalmanuset, og ho meiner at det er problematisk å sette opp stykket.

– Eg er ikkje kritisk til at dei lagar eit stykke om fredsprosessen og det som skjedde, eller at teateret er ein plass for politisk diskusjon. Men eg er kritisk til den versjonen Mona Juul og Terje Rød-Larsen fortel, som stykket òg baserer seg på. Stykket framhever deira rolle, at alle aktørane håper på fred, og at Rød-Larsen liksom drysser den forsonande «Oslo-ånda» over Israel- og PLO-leiarane når dei går tur i skogen. Teaterstykket Oslo bidreg til å sementere denne feilaktige framstillinga.

– Kjem du til å sjå stykket sjølv?

– Eg er ikkje i Oslo for tida, så eg slepp å ta stilling til det. Eg hadde gått viss eg var heime og ikkje hadde lese manuset på førehand.

LES OGSÅ: Hvorfor var 2018 året for Macbeth?

Sjå stykket først

Teatersjef ved DNT, Erik Ulfsby, meiner at Waage burde sjå deira versjon av stykket før ho kritiserer valet om å sette det opp.

– Det er unaturleg for meg å svare på kritikk av eit teaterstykke som ikkje har hatt premiere enno. Waage veit ikkje korleis vi har sett opp stykket. Eg kan gjerne høyre kva ho tenker om teksten, men ho kjenner ikkje framsyninga vår, seier Ulfsby.

Regissøren for Oslo, Stefan Larsson, tykkjer ikkje ansvaret for historisk sanning ligg hjå teateret.

– J. T. Rogers Oslo er eit teaterstykke, ikkje eit resultat av forsking. I dette tilfellet er det ein tydeleg fiksjon inspirert av verkelege hendingar, noko som er vanleg i film og teater. Vi påstår ikkje at vi viser den historiske sanninga – kunsten og teateret tar plass der vitskapen og jussen ikkje kan forklare alt. Det er oppgåva vår, seier Larsson.

Larsson ønskjer debatten velkommen, men tykkjer ikkje at ein forskar skal legge seg opp i kva teatera vel å vise fram.

– Ein forskar skal forske og ikkje legge seg opp i repertoararbeidet til teatera. Men om vi kan skape debatt om denne spennande perioden i norsk politisk historie, blir eg glad. For det er ei fantastisk spennande eventyrhistorie J. T. Rogers har skrive.

Mykje kan skje i overgangen frå tekst til teaterscena, difor oppmodar Larsson til å sjå stykket før ein kritiserer det.

– Waage burde kanskje sjå stykket før ho uttalar seg så bestemt. For om ein har peiling på teater, så veit ein at det å lese ein tekst er noko heilt anna enn å sjå han sett opp som eit teaterstykke.

Waage har ikkje trua på at dette teaterstykket kan føre til ein god debatt.

– Viss DNT ønskjer å skape debatt om Oslo-prosessen, er ikkje dette stykket eigna til det. Vi lærer ingenting om kvifor avtalen ikkje lykkast, sidan stykket ikkje tar stilling til dei grunnleggjande maktforholda i fredsforhandlingane, og kor svak aktør Norge var, seier Waage.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater