Kultur

Amos Oz (1939–2018)

Israels store forfattar er gått bort.

I ein kibbutz på landsbygda i Israel sat Amos Oz, 15 år gammal, og tenkte at ein «forfatters plass var aldeles ikke her, men der borte, i den store verden». Fredag 28. desember døydde han, 79 år gammal. Han rakk å skrive 14 romanar, fem novellesamlingar, to barnebøker, samt fleire hundretals essays og artiklar. Av dei mange store forfattarnamna frå Israel i vår tid, vart han rekna som den største, og han vart alltid nemnt som ein av favorittane til å vinne den no skandaliserte Nobelprisen i litteratur.

Men om Oz var eit verdskjent namn, ei viktig og tydeleg politisk stemme i Israel, så var han ein audmjuk og jordnær forfattar. I eit foredrag sa Oz: «Jeg står opp hver morgen, går en liten tur i ørkenen, lager meg en kopp kaffe, setter meg til skrivebordet og begynner å spørre meg selv: 'Hvordan ville det føles hvis jeg var henne? Hvordan ville det føles å være i hans sko?'». Dette utsegnet gir seg til kjenne i det meste Oz skreiv, heilt fram til hans siste roman, Judas (2014), som kom ut på norsk på Arneberg forlag i 2016.

Storverk om Israel

Amos Oz var fødd i Jerusalem i 1939, og vaks opp i den nye staten Israel. Han debuterte allereie i 1965 med ei novellesamling, før hans første roman kom i 1966. Det skulle komme fleire, frå det store gjennombrotet med My Michael i 1968, via den morsome og rørande brevromanen Den svarte boksen i 1987, til sjølvbiografiske En fortelling om kjærlighet og mørke i 2002. Denne boka er hans storverk. Her skildrar Oz sin barndom og dei første åra til staten Israel. David Grossman, ein annan av Israels store forfattarar, sa til The Guardian rett etter Oz sin bortgang at En fortelling om kjærlighet og mørke er Oz si beste bok: «Den er ikkje berre hans sjølvbiografi, men på ein måte er det biografien over Israel før nasjonen var skapt."

Oz vaks opp med ein familie av flyktningar som hadde overlevd progromar og holocaust i Europa. I En fortelling om kjærlighet og mørke skildrar han hjarteskjerande dei ulike skjebnane, samtidig som han maktar å få fram håpet og trua familien bar med seg til Palestina. Dei sit alle samla rundt radioane og høyrer at FN seier ja til staten Israel. Dette partiet i boka er sterk lesning, ikkje minst da den nye staten kort tid etterpå blir angripe av sine arabiske naboar. Alle som ønskjer å forstå konflikten i Midtausten, burde lese desse sidene.

Generasjonsportrett

En fortelling om kjærlighet og mørke er òg historia om far og mor til Amos Oz. Det er eit generasjonsportrett utan sidestykke, om to vaksne som prøver å få endene til å møtes i ein ny nasjon. Faren har store ambisjonar, jobbar dag og natt. Mora slit med psykiske problem, og hennar skjebne blir til slutt det ankeret som boka er festa i. Ho tok livet sitt da Amos var 12 år gammal. Kort tid etterpå flytta den unge guten til ein kibbutz, skifta namn, og der starta han å skrive.

Dette er ingen rettferdig oppsummering av ein stor roman, like lite som ein tekst som denne vil vere ei rettferdig oppsummering av Amos Oz sitt liv og forfattarskap. Han levde og arbeidde i ein kibbutz, var tre år i militæret, før han gjekk på universitetet i Jerusalem. Han hadde militærteneste under Seksdagarskrigen i 1967 og i Jom kippur-krigen i 1973. Allereie etter Seksdagarskrigen var han ein av dei første israelerane som støtta ein tostatsløysing for Israel og Palestina. Seinare var han med å starte Peace Now, ein organisasjon med dette som mål. Det er ikkje plass her til å nemne alle Oz sine politiske kampar og alt om hans engasjement. Men det er verdt å nemne at da Shimon Peres gjekk av som leiar av Arbeidarpartiet i Israel, så ønskte han at Oz skulle vere ein av tre mulege arvtakarar.

Eit siste høgdepunkt

Det er freistande å skrive at Oz ikkje var ein forfattar som fornya romanen. Han foredla den. Trass hans engasjement i allmenta, er det overraskande lite av det uttalte politiske i Amos Oz sine romanar. Sjølvsagt er det der, men bøkene er meir kjenneteikna av samansatte romanpersonar og deira vanskelege forhold til den israelske staten. Hans siste roman, Judas, er i så måte typisk Amos Oz.

Her er vi i Israel i 1959 og møter unge Shmuel Ash som er mislukka både i forskning og kjærleik. Han hamnar i hus med den eldre Gershom Wald og den unge enka Atalia Arbarbanel. Desse tre går omkring kvarandre i ein lang diskusjon om Jesus og Judas, om staten Israel, om kjærleik og jødedom og kristendom. Kvar gong du som lesar trur du forstår og har fanga ein av romanpersonane, vrir og vender dei seg. Boka er fylt opp av Oz sin livsvisdom, hans stillferdige og mektige måte å skrive ut romanar på. Judas – som på hebraisk har tittelen Evangeliet etter Judas Iskariot, er eit verdig punktum, og eit lite høgdepunkt på slutten av forfattarskapet.

Fanatisme og humor

Av alt Oz skreiv, liker eg å trekke fram den vesle boka som Arneberg forlag ga ut i 2005, Hvordan helbrede en fanatiker. Ho er ei samling foredrag Oz heldt i Tyskland i januar 2002. Her seier Oz at «Den nåværende krisen i verden, i Midt-Østen, i Israel/Palestina, dreier seg ikke om Islams verdier. Det dreier seg heller ikke om arabisk mentalitet, som visse fanatikere påstår - ikke i det hele tatt. Det handler om en ny utgave av den eldgamle konflikten mellom fanatisme og pragmatisme, fanatisme og pluralisme og fanatisme og toleranse. (...) Den dreier seg om den typiske fanatiske innstilling: Dersom noe er ondt, rydder jeg det av veien sammen med alle dets naboer.»

Dette er sagt rett etter 11. september, og det er sagt av eit menneske, ein israelar, som har levd eit liv i konflikt. Og samtidig som Oz vågar og maktar å sette ord på verdssituasjonen, kjem han med eit interessant forslag til korleis møte fanatismen, til korleis lækje han: «Humor. Jeg har til nå aldri truffet en fanatiker med humoristisk sans, eller kjent et menneske med humor som ble fanatiker, med mindre han eller hun hadde mistet sin humoristiske sans. (...) Humor er evnen til å le av seg selv. Humor er relativisme. Humor er evnen til å se seg selv som andre ser én. Humor er er evnen til å erkjenne at uansett hvor selvrettferdig man er, og hvor stor urett man har lidd, er det alltid et aspekt ved det som er en smule komisk.»

Kjærleik og mørke

No er Amos Oz borte. Han ytra slike kloke ord, skreiv slike vare og rystande bøker mens verda skaka, og det ga og gir håp. Om og om igjen skreiv han forteljingar om kjærleik og mørke, om korleis lækje fanatikarar, og til slutt, i hans siste roman, Judas, enda han alt med denne setninga: «Der sto han og tenkte seg om.»

Slik kan vi sjå Amos Oz for oss, som ein av hans romanpersonar, i undring over verda vi alle er del av. Fred over hans minne.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur