Håpsmannen Lech Walesa

Filmen om Lech Walesa er blitt eit helteportrett som manglar dynamikk, meiner vår filmmeldar.

Den polske hæren slo hardt ned på Solidaritet i byrjinga på 1980-talet. I 1981 blei grasrotrørsla forbode og general Wojciech Jaruzelski innførde unntakstilstand og Lech Walesa blei internert.
Publisert Sist oppdatert

Lech Walesa var den polske elektrikaren som blei kjent for heile verda for sin ikkje-valdelege kamp mot det kommunistiske regimet i heimlandet. Han fekk Nobels fredspris i 1983, og slik spelar også Noreg ei viss rolle i den biografiske filmen som no er laga om Walesa.

Regissør Andrzej Wajda, kjent blant anna for den Oscar-nominerte filmen Massakren i Katyn (2007), var sjølv ein av dei som slutta seg til den anti-kommunistiske grasrotrørsla Solidaritet på begynninga av 1980-talet. Han hadde altså Lech Walesa som leiar; no lagar han film om han.

Er det blitt eit helteportrett? Ja, sjølvsagt. Filmen viser fram litt trøbbel på heimebane – med kone og seks barn blir det fort gnissingar når du opnar stovedøra på vidt gap for framande, i solidaritet eller ei. Men sjølv dette blir overraskande fort løyst. Walesa (Robert Wieckiewicz) teiknar ein plakat der det står «Tyfus. Ingen adgang» og Danuta Walesa (Agnieszka Grochowska) smiler igjen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP