Verdidebatt

Fryktar samanbrot av den offentlege samtalen

– Dersom det kostar for mykje å gå inn i den offentlege samtalen, så lar ein heller vere, seier Anki Gerhardsen i Ytringsfrihetskommisjonen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Mykje av det vi diskuterer, kretsar omkring identitetspolitikk. Vi ser at veldig mykje av det er knytt til symbol og form, meir enn reelt innhald.

Det seier journalist Anki Gerhardsen, som sit i Ytringsfrihetskommisjonen. Kommisjonen var utnemt i år og er eit offentleg utval som skal jobbe med å utgreia ytringsfridommen sine kår i Noreg.

I sommar har mange blitt kjend med eit nytt ord: Identitetspolitikk. Ein slik politikk tek utgangspunkt i å mobilisera på vegner av utsette og marginaliserte identitetsgrupper. Gamle skilje som klasse, alder eller geografi fell vekk.

Debatt og bråk

Omgrepet identitetspolitikk har kome opp i kjølvatnet av Black Lives Matters–protestane, der historiske statuar på grunn av deira rasistiske og kolonialistiske fortid.

I tillegg har det vore stor debatt om fleire Twitter–utsegn frå den folkekjære forfattaren J. K. Rowling, kjend for «Harry Potter»–bøkene. I samband med diskusjonen om rettane til transpersonar, hevda Rowling at kjønn i stor grad er biologisk, og at det ikkje går an å sjå bort ifrå det.

Det skapte så mykje bråk at skodespelarar frå «Harry Potter»–filmane tok avstand frå henne, og boikott av bøkene vart diskutert. I juni signerte Rowling eit brev saman med 153 andre prominente kulturnamn, der dei åtvara om at ytringsfridomen er truga.

– Den frie utvekslinga av informasjon og idear, sjølve pulsåra i eit liberalt samfunn, blir meir og meir kvelt, skreiv dei.

Kva er det som eigentleg skjer?

LES MER: Kjendisopprop mot politisk sensur

Det nyanserte forsvinn

Anki Gerhardsen sit i Ytringsfrihetskommisjonen saman med blant andre Mimir Kristjánsson, Kjetil Rolness, Shabana Rehman, Kjersti Løken Stavrum og Vebjørn Selbekk.

Ho meiner identitetspolitikken står veldig sterkt i ordskiftet akkurat no.

– Det blir ein skarp knivsegg å balansere på. Ei skeiv formulering eller ein faktafeil, så er du ute.

Gerhardsen trekk fram eit døme: veksten av jenter under 18 år som søker kjønnsendrande behandling.

– I staden for å snakke masse om kva som gjer at desse barna ikkje orkar å leve med sin eigen kropp, diskuterer vi om vi skal seie menstruerande menneske eller menstruerande kvinner. Det alvorlege innhaldet forsvinn til fordel for kven som skal snakke om kva.

Fagfolka fell ut

Gerhardsen meiner også at vi går glipp av viktig kunnskap frå fagleg hald fordi fagfolka ikkje passer inn i ei identitetspolitisk rammeforteljing.

– Eg trur dette er eit eksempel på korleis identitetspolitikken styrer samtalen, prioriteringa til journalistane og rommet for ytringar.

Ho fortel at ho stadig vekk blir kontakta av menneske som har mykje å bidra med, men som ikkje vil ta kontakt med pressa fordi det kostar for mykje.

– Dersom det kostar for mykje gi seg utpå, å gå inn i den offentlige samtalen, så lar ein heller vere.

LES OGSÅ: Hærverk på kristne statuer i USA

Flokkmentalitet

Bård Larsen i Civita ga i vår ut pamfletten Identitetspolitikk. Det går han rett inn i omgrepa og debattane som har rast dei siste åra.

– Identitetspolitikk er mykje forskjellig, men vi har fått ein gartnarånd som går ut på at ein skal luke ugras.

Han trur mykje av dette kjem av bruken av sosiale medium.

– Det er blitt ein flokkmentalitet der sakar blir løfta ut av saksfeltet og over til at heile grupper er såra og krenka. Det er ofte godt meint, men dei endar berre opp med å sjå etter feil og manglar overalt.

Gått av hengslene

Larsen meiner identitetspolitiske kulturkrigarar går laus på språket, på historiske personar, og på humor.

– Dette skaper veldig sterke kjensler hos mange, som hos dei som liker å lese Harry Potter eller hos dei som synes at Churchill var ein bra mann.

Identitetspolitikk skaper ei tausheit blant desse, seier Larsen, og meiner offentlege personar som blir utsett for angrepa, gir seg i frykt for å bli hengt ut som eit dårleg menneske.

– Eg tenkjer at vi er ved eit tipping point no, der folk berre gir seg. Fordi dei veit at det kjem ein storm på sosiale medium. Det er ein identitetspolitikk som er gått av hengslene.

Samanbrot av den offentlege samtalen

Ifølge Larsen har vi fått eit debattklima der det som betyr noko, er i kva gruppe du høyrer heime i. Det er ikkje kva som blir sagt, men kven som seier det.

– Det er berre å sjå på USA, som er blitt eit groteskt bilde på akkurat dette her. Det er eit samanbrot av den offentlege samtalen.

Larsen fortel at aksjonistar definerer kva Det demokratiske partiet skal vere og meine.

– Da kan Trump peike og seie at dette er kva som vil skje dersom eg tapar valet. Aktivistane skyv dei moderate ut over sidelinja. Dette kjem til Noreg òg.

LES MER:

• Vårt Land mener: Det står bra til med ytringsfriheten i Norge. Redigering er ikke sensur

• «Rasismen var så innbakt i det engelske språket, sa King i 1967, at selve språket var et fengsel»

• Berit Ås avslører ukjent kvinnenettverk – frykta infiltrasjon frå ytre venstre

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt