Forfattarar krev tydelegare standpunkt om krigen i Gaza
LITTERATUR OG POLITIKK: Over 500 amerikanske forfattarar krev at ytringsfridomsorganisasjonen PEN America tek eit tydelegare standpunkt i Israel-Gaza-krigen. – Vi har eit moralsk ansvar her i Noreg, seier den norske forfattaren Priya Bains.
ENGASJEMENT: – For meg er litteratur og politikk to sider av same mynt, seier den norske forfattaren Priya Bains. Ho var ein av initiativtakarane til forfattaroppropet i fjor haust, og har også vore med på å starte ei rekke poesikveldar til støtte for Palestina.
Baard Henriksen
Eit ope brev signert av meir enn 500 forfattarar og litteraturfolk i USA kritiserer ytringsfridomsorganisasjonen PEN Americas haldning til Israel-Gaza-krigen. Forfattarane er sterkt kritiske til det dei meiner er tysnad om «palestinske journalistar, forfattarar og poetar som blir myrda av Israel», går det fram av brevet som er omtalt i avisa The Guardian. Ifølgje forfattarane er ikkje PEN America tydelege nok i å fordømme krigen, men nøyer seg med å «gravlegge pressemeldingar på nettstaden sin».
– PEN America burde oppløysast hvis organisasjonen ikkje kan leve opp til oppdraget sitt om å verne, gi ei plattform til og styrke dei forfattarane som er blitt mest marginalisert av vondsinna krefter, heiter det i brevet.
Også ei ny fråsegn frå organisasjonen, der dei «håper at dei multinasjonale forhandlingane som no er i gang vil føre til ei gjensidig avtalt våpenkvile», har møtt kritikk, blant anna for at dei «håper» og ikkje «krev». Organisasjonen har på si side tatt til motmæle mot kritikken og meiner at det slett ikkje har vore «tause».
Bestill abonnement her
KJØP