Den bortkomne dottera
Den tysken spelefilmen Min pappa Toni Erdmann er eit originalt, vittig og djupt rørande portrett av ein far som elskar dotter si. Ein av dei beste filmane på kino i år.
Far og dotter: Sandra Hüller spelar ei ung kvinne som har mista noko av seg sjølv i eit kynisk jobbmiljø. Peter Simonischek spelar faren som brukar alle midlar – som regel uortodokse – for å nå inn til henne igjen. Ei oppleving du seint vil gløyme, meiner vår meldar.
Filmweb
I Bibelen kan vi lese likninga om den bortkomne sonen, som drog bort frå heimstaden og sette arven sin over styr. Når sonen omsider kjem heim, nedbroten og utsliten, blir han møtt av den varme kjærleiken til faren – og denne er berre sterkare enn nokon gong.
I den tyske dramakomedien Min pappa Toni Erdmann er det ei dotter som har dratt heimanfrå. Ines (Sandra Hüller) har flytta frå Tyskland til den rumenske hovudstaden Bucuresti, der ho jobbar for eit stort konsulentselskap. Ho er ein liten tur heimom for å konstatere at alt går berre bra – og det tek ikkje lange stunda før vi aner at ho slett ikkje har det så bra som påstått. Ines gjer ikkje som den bortkomne sonen i den bibelske likninga og set arven over styr, men ho har openbert mista noko av si eiga sjel.
Kynisk miljø
Bestill abonnement her
KJØP