Døden på Mount Everest
Å klatre til toppen av Mount Everest, er å klatre rett inn i ei dødssone. Dokudramaet Everest er ei nervepirrande historie om ein av ekspedisjonane som enda fatalt.
Sidan eg var liten gut, har eg vore fascinert av Mount Everst, verdas høgste fjell. Med sine 8.848 meter ruvar fjelltoppen høgt over det som er ein leveleg opphaldsstad for mennesket.
Å klatre til topps på Mount Everest, er å stirre døden i kvitauget. Kroppen går inn i ei dødssone der han sakte, men sikkert blir broten ned. Mange fjellklatrarar og eventyrlystne har måtta bøte med livet sidan dei første, Edmund Hillary og Tensing Norgay, nådde toppen i 1953.
Det seier litt om Mount Everest at mennesket nådde toppen berre 16 år før vi nådde månen. I seinare tid har det blitt fleire og fleire ekspedisjonar som har sikta mot toppen. Dokudramaet Everest fortel om to av dei, ein ekspedisjon leia av Rob Hall (Jason Clarke) frå New Zealand og ein leia av amerikanarane Scott Fischer (Jake Gyllenhaal).