Identitetsdrama frå Argentina

Engasjerande og kjenslevart i Buenos Aires.

31 år gamle Maria (Jessica Schwarz) hamnar i identitetskrise då ho brått får vite at foreldra hennar ikkje er hennar eigentlege foreldre. Dramaet Sangen i mitt hjerte er ein både engasjerande og kjenslevar film, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Kva skjer når du er vaksen kvinne før du får vite at foreldra dine ikkje er dei eigentlege foreldra dine? Dette opplever 31 år gamle Maria (Jessica Schwarz) i den argentinsk-tyske filmen Sangen i mitt hjerte. Ho er på veg til Chile og må mellomlande i Buenos Aires. Der skjer noko som Maria ikkje kan forklare for seg sjølv: Ho gjenkjenner ein spansk voggesong, og tek seg i å synge med, utan å kunne eit ord spansk.

Maria bestemmer seg for å bli verande i Buenos Aires, og ho ringer forvirra heim til faren (Michael Gwisdek) som snart dukkar opp i same by. Det er noko han ikkje har fortald henne. Ei sanning som rokkar ved Marias identitetskjensle, og snur opp ned på tilveret: Ho budde dei tre første åra sine i Buenos Aires. Dei tyske foreldra hennar er adoptivforeldre; dei eigentlege foreldra hennar forsvann under militærdiktaturet.

Engasjerer. Sangen i mitt hjerte er Florian Cossens debut som spelefilmregissør. Det er blitt ein engasjerande og kjenslevar film, der Marias lagnad rører ved meg på eit eksistensielt plan. Sentralt i forteljinga står Marias søken etter å finne ut meir om sin eigen bakgrunn, men også konflikten med faren, som har halde denne vesentlege informasjonen skjult for henne.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP