Fem år sidan krisa: – Det finst berre éin måte å vinne tilbake tilliten på
LITTERATUR: For fem år sidan var Svenska Akademien i full krise og utdelinga av Nobels litteraturpris blei avlyst. Sidan er halvparten av dei atten medlemmane skifta ut. Har prisen reist seg som ein fugl føniks – eller lir han av prestisjetap?
FRISKT BLOD: Etter krisa for fem år sidan er det blitt vald inn sju kvinner i Svenska Akademien. Fire av dei – Anne Swärd (f.v.), Åsa Wikforss, Tua Forsström og Ellen Mattson – er her samla i lokala til Akademien i Stockholm.
Fredrik Sandberg/TT
– Krisa heldt på å knuse Akademien, seier Anders Olsson.
Han er litteraturhistorikaren og forfattaren som blei ryddegut då ein av Sveriges stoltaste institusjonar gjekk i kneståande for nokre år sidan.
Torsdag 5. oktober klokka 13 kunngjer Svenska Akademien kven som blir den 120. vinnaren av det mange reknar som verdas viktigaste litteraturpris. Trass den lange tradisjonen, var prisen for fem år sidan nær ein saga blott. Historia om Nobels litteraturpris kunne rett og slett ha enda i 2018. Prisutdelinga blei avlyst – formelt sett utsett – og Akademien heldt på å gå under som følgje av skandalar, indre intrigar og ytre press.