Feirar at radiogudstenesta er 100 år
JUBILEUM: Søm kirke i Kristiansand får både biskopen og kringkastingssjefen på besøk når radiogudstenesta markerer 100-årsjubileum neste søndag. – Eg set pris på kyrkjerommet, preika, musikken og fellesskapet, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.
NRK-sjefen: – 100 år er ikkje småtteri! Når vi markerer 100-årsjubileum for eit av tilboda våre, synest eg det er heilt naturleg å delta, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen om det kommande besøket i Søm kirke på søndag.
Ole Berg-Rusten/NTB
– Vi er litt stolte over at NRK har valt oss ut til å feire hundreårsjubileet for radiogudstenesta, seier Lars-Ivar Gjørv.
Han er frivillig i Randesund kyrkjelyd, som er blant dei seks ulike kyrkjelydane NRK samarbeider med om gudstenestene som blir sendt på NRK P1+ og NRK1 eller NRK2 kvar søndag. Gjørv er lokal produsent og ein av fleire titals frivillige som jobbar for å få gudstenester frå Søm kirke ut til det norske folket på fjernsyn og radio.
– Vi begynte for halvanna år sidan og erfaringane er svært gode. Vi er jo ein veldig aktiv kyrkjelyd frå før, men radiogudstenestene har mobilisert både frivillige og stab på ein fantastisk måte. Dei har bunde oss endå meir saman, seier Gjørv.
Bestill abonnement her
KJØP