– Ein stor formidlar av dikting og filosofi

LITTERATUR: I dag ville åndshøvdingen og litteraturprofessoren Asbjørn Aarnes fylt 100 år. Jon Fosse meiner at Aarnes har skrive det beste han har lese om poesi.

Asbjørn Aarnes, januar 2007
ÅNDSHØVDING: Litteraturprofessoren Asbjørn Aarnes avbilda i 2007. Han ville fylt 100 år 20. desember i år. Ei ny bok med tekstar av og om Aarnes kastar lys over den viktige posisjonen hans i norsk åndsliv gjennom mange tiår.
Publisert Sist oppdatert

I meir enn 60 år var Asbjørn Aarnes ei leiande kraft i det norske åndslivet. Han var ein skarpskodd akademikar som også kunne kunsten å forenkle for å nå ut til eit breiare lag av folket. Professoren i europeisk litteraturhistorie var ein ivrig formidlar av filosofi og litteratur, og løfta mellom anna fram forfattarar som Olav Nygard og Franz Kafka og ein filosof som Emmanuel Levinas. Onsdag 20. desember ville Aarnes fylt 100 år, og til hundreårsminnet kjem det ut ei ny bok med tekstar av og om den dyktige formidlaren, Den fine taushets røst.

– I over 60 år var Aarnes ein stor formidlar av dikting og filosofi. Han hadde ein enkel og lite abstrakt stil som bygde på djup kjennskap til fagspråket, noko han hadde til felles med sin nære venn Hans Skjervheim, seier Åsmund Bjørnstad, som har redigert boka saman med Jan Oskar Utnem, Ulf Andenæs og Ole Andreas Bjerkeset.

Tittelen Den fine taushets røst er Aarnes si eiga omsetting av bibelordet frå Første Kongebok 19,12, at Gud er ikkje å finne i stormen eller jordskjelvet, men i det «linne» og tause.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP