Edvard Hoem: – I min kristendom er det nåden som dominerer
LITTERATUR: Som ung ville Edvard Hoem bort frå heimen og kyrkja. Så blei han eldre og søkte seg tilbake igjen.
BOKAKTUELL: Forfattaren Edvard Hoem har skrive om sine eigne ungdomsår i romanen «Ung mann vil ut». Spennet mellom det kristne og det radikale miljøet han var ein del av, er ein viktig del av boka. – Det utløyste på ein måte forfattaren i meg, sier Hoem.
Erlend Berge
– Det skremmer meg framleis. Det er ein heilt feilaktig måte å snakke på. Ein skjult trugsel som ikkje passar inn i det religiøse biletet mitt, seier Edvard Hoem.
Han snakkar om den kristne forkynninga han møtte då han som ungdom flytta frå Hoem i Ytre Fræna for å gå på skule i Molde. Ungdomstida er tema for den sjølvbiografiske romanen hans, Ung mann vil ut, som kom ut fredag.
Hoem vaks opp i ein indremisjonsfamilie. Faren var lekpredikant, noko han tidlegare har skrive om i romanen Mors og fars historie. Gudsbiletet den kjente forfattaren fekk med seg heimanfrå, var av eit anna og mildare slag enn forkynninga han møtte i skulelaget, der det heitte at du «må gi Jesus ditt hjerte. For i morra kan det være for seint.»