På verdspremieren til Avengers: Endgame er både eg og min 12 år gamle son så nervøse at vi knapt snakkar til kvarandre. Sidan vi saman såg Ant-Man på kino i 2015, har vi sett alle dei 21 filmane som er lagd i Marvels superheltunivers frå 2008 og til no. Vi har venta i nokre år på denne grandiose finalen. Vil universet no rakne? Vil nokon av dei sentrale karakterane døy? Vil filmen rett og slett vere dårleg?