Bøker

Denne klassikaren framstår i dag som ein nyskapande feministisk, gotisk skrekkroman

KLASSIKER: Å lese den nye, norske utgåva av Emily Brontës Stormfulle høgder er ein urovekkjande og medrivande måte å starte nye året på.

Den italienske forfattaren Italo Calvino skriv i eit kjent essay at klassikarar er slike bøker som folk seier at dei les om att eller på nytt. Til skilnad frå litteratur elles, altså, som vi berre seier at vi les. Stormfulle høgder frå 1847 er utan tvil ein klassikar. Etter å ha spurt nokre leseglade venner, viste det seg at ikkje alle, om dei var heilt ærlege, har lese boka. Men mange har sterke minne om filmatiseringane og kjenner Kate Bush si dramatisering av det stormfulle forholdet mellom Heathcliff og Cathy i pop-låta Wuthering Heights. Det dreier seg altså om måten folk talar om litteratur på, ikkje berre om kva dei faktisk har lese. Dessutan kjem det stadig unge førstegongslesarar til. Det gjer at Calvino går vidare med å seie at klassikarar er bøker som toler å bli lese om igjen, som faktisk ikkje berre toler det, men som er i stand til seie lesaren noko nytt.

Klasse og språk

Ragnar Hovland og Øystein Vidnes har med presisjon omsett den engelske grunnteksten til eit nynorsk som gjer at den historiske forteljinga framstår som ein svært lesverdig samtidsroman. Omsetjarane har vald å gjere bruk av førsteutgåva der Emily Brontë mellom anna gjengir det dei lokale arbeidsfolka seier med ei midtengelsk dialekt. I norsk språkdrakt snakkar mellom anna tenaren Joseph eit klangfullt, men ikkje alltid lett forståeleg sognamål: «Eg lure pao kålais du kan fao’reg te å berra stao dar gjerandslaus og verre enn da, naor adle’ri andre ha gaott ut!»

Denne språkbunaden er i seg sjølv med på å kaste nytt lys over dei spenningane som finst i romanen. Dei fleste romanfigurane har nemleg vanskeleg med å skjøne kvarandre: Her er det både forskjell på dei som er upstairs og dei som leverer downstairs. Det er vanskeleg å lese Stormfulle høgder i dag utan å tenke på klasse, kjønn, økonomi og også synet på framande.

Hat og kjærleik

Når lesaren først begynner å ta inn over seg dei ulike språklege uttrykka, blir det lettare å få auge på den sentrale rolla ulike typar skriftlege tekstar speler i romanen: Her er innskrifter i bøker og på gravsteinar, brev, sitat frå gamle bøker og dagboksnotat fletta inn i den trufaste tenestekvinna Ellen Dean si muntlege forteljing om alt det som har skjedd, og som den utanforståande Lockwood gjer om til skrift.

Handlinga i boka spenner over eit tidsrom på nesten førti år. Godseigaren Earnshaw kjem ein kveld heim med ein utsvolta gut som ser framand ut og snakkar uforståeleg. Earnshaw har to barn allereie, Hindley og Catherine, og vil oppfostre hittebarnet Heathcliff som sin eigen son. Barna reagerer svært forskjellig på det nye tilskotet til familien: Hindley blir sjalu, mens Catherine finn ein åndsfrende og etterkvart ein slags kjærast i fosterbroren. Det er ein umogleg kjærleik. Etter farens død gjer Hindley alt han kan for å hemne seg på Heathcliff og Catherine giftar seg med ein annan. Dette er ein roman der hatet er sterkare og meir seigliva enn kjærleiken.

Nyskapande

Mennene i romanen er i stor grad opptekne av seg sjølve og å behalde sin posisjon, fleire av hovudpersonane er valdelege og ber meir vondt enn kjærleik i hjarto. Nokre, som forteljaren Lockwood, er naive og skjøner ikkje heilt kva som skjer. Når eg no har lese (nesten den same) klassikaren på nytt, blir det tydeleg at det er forteljaren, tenestekvinna Ellen, som skjøner kva som går føre seg. Ho kjenner som innfødt alle aktørane og er på talefot med dei. Den varmhjerta Ellen er verkeleg både tilskodar og deltakar i den dramatiske handlinga.

Forlaget Skald, som ganske riktig har base i Sogn, har med Stormfulle høgder laga nok ei vakker og viktig bok. Stormfulle høgder framstår i dag som ein nyskapande feministisk, gotisk skrekkroman.

LES INTERVJU: – Det som er klart for meg, er det at jeg er ikke ateist, sier Dag Solstad i samtale med Olav Egil Aune

LES FLERE ANMELDELSER: Det er med god grunn at Ocean Vuong har blitt en litterær sensasjon

DIKT: Steinar Opstad held liv i tradisjonen, med dikt som kunne ha vore to tusen år gamle

---

Roman

  • Stormfulle høgder
  • Emily Brontë
  • Omsett av Ragnar Hovland og Øystein Vidnes
  • Skald 2019

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker