Svenske barn får høyre Tonje Glimmerdal på radio kvar dag fram til jul. Sveriges Radio (SR) valde Maria Parrs første barnebok om Tonje då dei skulle lage ny kalender til advent. Bland skodespelarane finn vi ikkje berre superveteranen Sven Wollter, men òg artisten, joikaren og menneskerettsaktivisten Maxida Märak – og skistjerna Charlotte Kalla.

– Eg vart kjempestolt då eg blei spurd om å være med på noko som er så viktig i desember, seier Charlotte Kalla til Sveriges Radio.

Anten ho er i trening eller konkurranse, har ho opplevd at det å høyre på julekalenderen kan gi både heimlengt og gode julekjensler. Kalla spelar Tonje si tante Lotta som er skistjerne.

Kul satsing

Forfattar Maria Parr synes det er «heilt strålande» at SR vel desse namna.

– Eg synest det er kult at dei satsar slik på julekalender for barn, og får med kjende namn og veldig flinke folk. Kalla har alltid vore ei stor heltinne, så det blir eg rett og slett litt stjerneslått av å tenkje på, seier ho.

10 år gamle Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen. Mamma er på oppdrag på Grønland som forskar. Pappa er heime og pyntar til jul. Tonje er ute det meste av tida i Glimmerdalen, den kjenner ho som si eiga lomme.

LES OGSÅ: Skriv klokt og fantete om livet

– Kva synes du om at dei lagar julekalender av forteljinga?

– Det er stor stas at Tonje Glimmerdal får herje på svensk julekalender i radioen. Det er eg skikkeleg stolt over, og det trur eg ho passar til. I boka er mykje av handlinga lagt til vinteren, og det er nok hovudgrunnen til at ein kan få adventsassosiasjonar. Eg trur nok også ein kan klare å få inn noko av den ventinga og forventninga som følgjer denne tida, svarar Parr, som ikkje har høyrt noko enno.

– Så eg er spent!

SE OGSÅ: Vaffelhjarte årets program

Juleroser

Maria Parr er også juleaktuell i Herborg Kråkeviks julemagasin som er laga spesielt for barn.

– Eg har skrive ei forteljing i Barnas juleroser, og er så glad for å ha fått bidra. Eg klappa i hendene då eg forstod at barna no skal få sitt eige hefte med same herborgske kvalitetsstempel som det dei vaksne får. Det er så bra!

– Kva må du sjølv lese om att i juletida?

– Eg les i grunnen ikkje så mange ting om igjen. Det er kjekt med nye ting, både for store og små. Men juleevangeliet er jo ein gjengangar! seier Parr.