Byter ut bensin med musikk
Musikk er drivstoffet når festivalen Bøgrend Autofest går av stabelen på ein nedlagt bensinstasjon i Vinje.
Festivalen Bøgrend Autofest går av stabelen i ein 200 kvadratmeter stor smørehall på ein nedlagt bensinstasjon i Vinje.
Bøgrend Auto
Ein smørjehall på eit par hundre kvadrat. Kanskje ikkje den mest opplagte staden å arrangere festival på. Men det er akkurat det Havresekken, ei nystarta konsertforeining med tilhaldsstad i Oslo, gjer. 6. til 8. august går Bøgrend Autofest av stabelen.
– Korleis vi kom på å ha det her? Det er jaggu meg eit godt spørsmål. Sjølv er eg vaksen opp med å drikke Solo og kjederøyke på plassen, seier Asgaut Bakken i Havresekken.
Debutant. Han fortel at det heile starta som ein venefest, og at ideen om å arrangere ein festival dukka opp etterkvart. Så langt står Valkyrien Allstars, Aasmund Nordstoga, Morudes (Amund og Henrik Maarud) og fleire lokale band på programmet.
Bestill abonnement her
KJØP