Bøker

Kampen om å bli helt i eige liv

ANMELDELSE: Barbara Kingsolvers nyaste roman ei medrivande skildring av fattigdom, rasisme og opiatmisbruk

I Barbara Kingsolvers bestseljande mursteinsroman fortel hovudpersonen, som eigentleg heiter Damon Fields, om sitt trøblete liv og oppvekst i Appalachia i USA. Trøblete er strengt tatt berre forbokstaven.

For Appalachene er eit fjellområde med ein rik og mangfaldig kultur, prega av stor fattigdom, ein stad for folk som elles i landet blir omtalt som hillbillies og rednecks. Damon sin avdøde far var melungeon, som folk med folk med afrikanske, europeiske og urfolksrøter røter blir kalla. Damon arva det kopparraude håret frå faren som allereie var død då Damon blir født i husvogna til den unge rusavhengige mora.

---

Demon

Roman

Barbara Kingsolver

Demon Copperhead

635 sider, Kagge forlag 2024

---

Heilt frå starten er vår unge helt avhengig av gode naboar for å overleve. Akkurat som ein kjent romanfigur 150 år før, kjem han ut av mors liv i fosterhinna som i folkeleg tradisjon er kalla seierskjorta. Det er eit av dei få teikna på at det kanskje skal gå bra med han.

Idrettskade og opiatar

Han veks etterkvart opp saman med ein slem stefar og får tidleg kallenamnet Demon Copperhead. Etterkvart kjem han i fosterheim der han blir kjent nokre andre tvilsame typar som blir viktige i livet framover. Heller ikkje dette opphaldet blir nokon opptur.

Derimot gjer Damon det godt når han begynner å spele amerikansk fotball. Men denne gode tida varer ikkje lenge: Han får ein alvorleg idrettsskade i den tøffe sporten. Dei store smertene og lite sympatiske leger gjer at han blir avhengig av dei sterkt vanedannande opiatane som vart skrive ut i stort tal frå nittitalet av og som resulterte i den store opiatskandalen som utvikla seg i USA frå nittitalet av.

Som rusavhengig held Damon fram med å henge med folk i samfunnets ytterkant, folk med eit vidt spekter av rushistorier og store utfordringar, også med kjønn og identitet.

Eksotisk bestseljar

Den etablerte forfattaren Barbara Kingsolver har i tidlegare romanar, fleire av dei omsett til norsk, vist at ho er opptatt av sosial rettferd og av økologi, natur og landskap. Kingsolver har vokse opp og bur i Kentucky og Demon Copperhead er ei spennande skildring av den mangfaldige kulturen, i dette, også i amerikansk samanheng, nokså eksotiske fjellområdet. Boka vart ein stor bestseljar i USA og gjorde at forfattaren i 2023 fekk Pulitzerprisen for fiksjon.

Dei mange populærkulturelle referansane er nok ikkje forståeleg for alle norske lesarar og det kan vi jo leve godt med. Men av og til lurer eg på om forlaget kunne kosta på seg nokre fotnotar med saksopplysningar, til dømes om kva ein melungeon er.

Det er ei slags trøyst i alt det forferdelege og mørke som skjer undervegs

Omsetjinga til den erfarne omsetjaren Kirsti Vogt har eit godt driv. Men av og til lurer eg på om det har gått litt fort i svingane. Nokre setningar skjøner eg ikkje. Til dømes det som står i starten av boka: «Det var en onsdag alt dette skjedde, og det er visstnok den dagen som ikke er bra. Perletårer osvI originalteksten skjøner vi at dette frampeket viser til rimet om barn født på ulike vekedagar: «It was a Wednesday this all happened, which supposedly is the bad one. Full of woe etc»: Full av ve, det gir meir meining enn «perletårer», som det jo i den norske versjonen av barnerimet.

Ein David Copperfield for vår tid

Både i forkant og etterkant av romanen viser Kingsolver til Charles Dickens mest sjølvbiografiske roman David Copperfield frå 1850. I etterordet skriv ho at ho har «tilpasset» denne klassiske romanen «til mitt eget sted og min tid». Kingsolvers nyskriving av Dickens er oppfinnsam og full av humor og kastar til tider nytt lys over urteksten. Den godhjerta Peggoty i originalen framstå her som Mrs. Peggot og U-Haul Pyles som Damon møter seinare, er minst like sleip og skummel som originalens Uriah Heep.

Damon sjølv får ikkje mykje ut av skolegangen sin men han les faktisk to bøker med stort utbytte: J.D. Salingers The Catcher in the Rye og altså David Copperfield, som han, talande nok, kommenterer slik: «Og han der Charles Dickens, skikkelig gammel, dau og utlending, men herregud som han skjønte greia med barn og foreldreløse som blir svikta og alle bare driter i det. Skulle tro han var herfra.»

Gevinsten med ei slik dyktig gjennomført nyskriving av ein engelskspråkleg klassikar, er at lesaren både kan finne likskapar mellom dei samfunna som blir skildra. Vel så viktig, er det å kunne observere dei kulturelle og sosiale forskjellane mellom den engelske 1800-talet og samtidas Appalachia på nært hald. Det dreier seg om alt frå seksualmoral til kulturelle utringar og sjølvsagt rusbruk. I tillegg vil eg tru at bruken av ein etablert modell, gjorde det mogleg for forfattaren å skrive det mange lesarar vil oppfatte som ein god gamaldags roman med godt samvit.

Medrivande

Dickens startar som kjent sin roman med eit opent spørsmål, nemleg om eg-forteljaren skal vise seg å bli helten i sitt eige liv, eller ikkje. Det er den same utfordringa Damon har mange år etter. Tidleg begynner han å orientere seg i tilværet ut frå det han kjenner til om ulike populærkulturelle super-heltar. Etterkvart gjer han stor lukke ved å teikne dei og andre han møter.

Eg skal ikkje seie så mykje om korleis der går til slutt, om han blir ein slik helt i eige liv etterkvart. Dei som har lese Dickens, har kanskje ei svak fornemming at han også skal bli ein slik helt. Det kan jo vere ei slags trøyst i alt det forferdelege og mørke som skjer undervegs. Boka er også tileigna «overleverne»

Damon Copperhead er ein medrivande roman som varer lenge. Det finst som eg har prøvd å vise, fleire gode grunnar for å lese den. Etter å ha sett den amerikanske originalen, vil eg for min del seie, på trass av det glorete omslaget til den norske utgåva.

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Bøker