Bøker

Grytten tek små born sine spreke innfall på kornet

Ein kjend situasjon: Det er leggetid for veslejenta og pappa er klar, men ho har stadige innfall som må taklast. Bli med og sjå korleis det òg kan gjerast.

Anmeldt av Marianne Lystrup

Frode Grytten er kjend som ein litterær altmoglegmann og Mari Kanstad Johnsen er ei leikande sjel. No tek dei oss med inn i dagens siste innersving heime hjå pappa og veslejenta. Heile boka er direkte tale mellom desse to.

Den fyrste replikken er velkjent: «Så var det rett i seng!» Og den neste, ikkje meir original: «Kan vi ikkje lese ei til, pappa?». Men herifrå og ut, går det annleis for seg enn det brukar gjera, trur eg.

Koseleg fabelreise

Det er ei fantastisk koseleg fabelreise dei to har saman, der pappa føyeleg er med på ungen sine påhitt, men òg er skapande med på leiken. Han handlar om jenta sitt ønske om at nokon skal skrive ei bok om henne, og kva denne i så fall skulle handla om. Dei kliv i tankane opp på Mount Everest, freistar med ymse aktivitetar og tenkjer seg både framover og bakover i tid. Og stadig er det morosame vendingar, som får fram små born sine spreke evner til å bykse brått mellom ulike tema og perspektiv. Grytten har teke dette så på kornet at ein mest kunne tru han sette på ein opptakar ein kveld, og fanga barnet sine innfall, men fullt så enkelt er det nok ikkje.

Ikkje på do

Jenta har mange vyer om kva boka om henne skulle handle om, men er òg klar på kva som ikkje må vere med, til dømes at ho går på do, for det ville vere skikkeleg flaut. Ironisk nok sluttar Leggetid med at bokdiktinga tar slutt, og jenta faktisk går og legg seg – men først må ho sjølvsagt på do. Dette er eit snedig lite grep, som vitnar om at dette ikkje berre er automatskrift frå ein kveld ved leggjetid, men godt komponert prosa.

Uansett er det blitt underhaldande lesnad både for små og store, med mange høve til både å kjenne seg att og bli inspirert.

Potteplante med bakoversveis

Bileta i denne boka er vevde tett saman med teksten utan at det verkar overtydeleg. Mari Kanstad Johnsen er kjend for å utfylla teksten med sine eigne assosiasjonar når ho illustrerer. I denne boka ser vi korleis ho tolkar veslejenta sine opplevingar av det ho og pappa talar om. Ja ikkje berre jenta, ho lever seg så sterkt inn i stemningane at det pregar heile rommet. Når det blir litt skummelt (Tenk om det faktisk står eit slimmonster bak hylla!), ser ein korleis både kosedyr og potteplanter skjelv av skrekk. Har du sett ei potteplante med bakoversveis? Omlag slik fjellbjørkene på Haukeli tøyer seg vekk frå den bitande vestavinden … Slik er både tekst og bilete med på å dra oss djupt inn i leiken.

Nyskapande bilete

Personane er tilsvarande uttrykksfulle, jamvel om dei slett ikkje er naturtru framstillingar av menneske. Ledd og musklar er usynlege, men vi kjenner sitringa av spenning i kroppen når jenta tøyer seg på tå oppå ein krakk framfor ei bokhylle. Ja, sjølvsagt bur denne jenta i ein heim med stor og velfylt bokhylle! Den vaksne lesaren kan more seg med å sjå visse kjende titlar på ryggane.

Fargane er klåre, stilfullt avstemte, mest utan nyansar av skuggelegging. Dette er umiskjenneleg Kanstad Johnsen sitt preg. Kunstnaren er kjend for sine utradisjonelle og nyskapande bilete. Ho arbeider både med teikning og måleri, silketrykk og collage, gjerne i kombinasjon og eventuelt handsama etterpå med dataverkty. Kva som er teknikken her, tek eg ikkje på meg å seie, men resultatet er i alle fall medrivande og kjenslevart, endå så snåle figurar det er. Kan hende nett derfor er det lett å identifisere seg. Abstraksjonen som ligg i framstillinga frigjer oss frå klåre påstandar om kven dette er, og då kan vi hoppe beint inn og identifisera oss sjølve.

LES MEIR:

Ti kniver i hjertet beveger seg på innsiden av en 12-årings forelskelse

I årets ABC-bøker er det tøys og tull som gjelder

Sliter med å finne gode, kristne barnebøker

---

Bok: Biletbok

  • Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen
  • Leggetid
  • Samlaget
  • «Underhaldande lesnad både for små og store, med mange høve til både å kjenne seg att og bli inspirert.»

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker