Bøker

Kristeleg litteratur skapte dei første norske forlaga

Det er 200 år sidan det første norske forlaget vart til. Og det var iveren etter å gje ut kristeleg litteratur som skapte det.

Hans Johan Sagrusten, forlagssjef i Verbum forlag

Verbum forlag fyller 200 år i år. Med det er Verbum landets eldste forlag. I jubileumsåret står vi midt i ei spennande omstilling: Vi ser at lesarane våre no les bøker i nye format. Desse nye formata er viktige – det har ikkje minst dei siste vekene vist oss.

Koronakrisa har forsert den digitale kompetansen hos norske lesarar med mange år. Brått er ikkje digitale format berre ekstrautstyr. For mange lesarar er den digitale utgåva no standardutgåva. Dette må vil tilpasse oss. 2020 blir difor eit år då vi satsar tungt på lydbøker, strøyming og podcast.

Andre bøker

For 200 år sidan stod det nystarta Bibelselskapet i ei lei knipe. Moderselskapet i England ville ikkje godta at ein gav ut noko anna enn bibelteksta «without any note or comment», som dei sa. Kva skulle ein då gjera med andre bøker? Kvar skulle bøker som tolka og aktualiserte Bibelen koma ut?

Løysinga vart å starte eit eige forlag. «Selskabet for Christelige Underviisnings- og Andakts-bøkers Udgivelse» vart til i 1820. Sidan vart namnet forkorta til «Andaktsbokselskapet», og frå 1985 har det vore Verbum Forlag. Verbum er det eldste forlaget i Noreg, med 200 års samanhengande drift.

Misjon

Det nest eldste forlaget vart òg skipa under kristeleg påverknad. Jørgen Wright Cappelen (1805–1878) var eit barn av vekkinga etter Hans Nielsen Hauge. Han var svært ung då han reiste til Basel for å gå på misjonsskule. Han hadde eit kall til å reise ut og forkynne evangeliet.

I 1826 kjem Cappelen heim att til Noreg, 21 år gammal. Straks opprettar han komitear som skal samle inn pengar til misjon. På kort tid vervar han 400 personar som gjevarar. Cappelen blir innvigd til misjonær i 1827 og byrjar å studere teologi. Men så blir han sjuk, og han gjev opp misjonskallet. I staden startar han opp bokhandel og bokforlag i 1829. Cappelens forlag er det andre forlaget i Noreg.

Omvandrande bokhandlar

Dei eldste forlaga våre startar altså i kristelege krinsar. Svein Johs. Ottesen har sagt at «langt på veg var det kristeleg, oppbyggeleg litteratur som var drivkrafta bak etableringa av forlagsbransjen her i landet». Nokre tal frå andre halvdelen av 1800-talet viser kor viktige den kristelege litteraturen blir for lesinga også vidare i historia:

Vi veit at alle som vil utrette noko stort her i landet på 1800-talet, må gå på sine eigne to bein. Vi kjenner fleire av dei: Hans Nielsen Hauge går Noreg på kryss og tvers frå 1796 til 1804. Frå 1843 til 1847 er det Ivar Aasen som vandrar Noreg rundt på leiting etter dei norske talemåla.

Men nokre år seinare er sjansen stor for å treffe på nokre vandrarar som er langt meir anonyme i historia. Det er bibelboda til Lutherstiftelsen, seinare Indremisjonen. Opptil to hundre bibelbod går på slutten av 1800-talet til fots omkring i landet, med ein tung kasse med bøker på ryggen.

I dei to tiåra frå 1868 til 1891 distribuerer dei så mange som ti millionar oppbyggelege skrifter og bøker, skriv Einar Molland i si kyrkjehistorie. Dei går frå bygd til bygd og får folk til å lesa. Kva desse omvandrande bokhandlane har hatt å seia for lesinga i Noreg er umogleg å overvurdere.

Endringar på vei

Korleis er så stoda i dag? Dei kristelege forlaga er ikkje lenger inne på lista over dei ti største forlaga. Vi ligg mellom 10. og 20. plass. Samtidig har kristne og bibelske motiv funne sin plass i den allmenne litteraturen som aldri før. Mange av våre største forfattarar skriv bøker med sterke kristne motiv.

Tre av fire nordmenn har kjøpt ei bok det siste året, og fire av fem har lese ei bok. Vi les i snitt om lag femten bøker i året. Boka står støtt i det norske folket – i alle fall enno. For endringane er på veg. Det er dei yngre som les færrast bøker. Og det er dei yngre som vel digitale format framfor den fysiske boka. Talet på dei som lyttar til ei bok via strøymetenester aukar med 60 prosent i året.

Forlag i spenn

I denne situasjonen er det landets eldste forlag fyller 200 år. I jubileumsåret står både vi og andre forlag i spennet mellom gammalt og nytt. Lesarane vil framleis ha det tradisjonelle bokformatet med sider som ein kan bla i. Men samtidig går vi mot ei framtid då vi kjem til å ha fleire digitale format ved sida av den fysiske boka. Når det gjeld disputten som vart til starten på det fyrste forlaget, kjem vi framleis til å gje ut bøker «with note and comment», for å vri på orda frå bibelselskapet i England. Det er framleis mange som vil lesa bøker som på ulike vis kommenterer, tolkar og aktualiserer dei evige orda i Bibelen.

LES OGSÅ: Er småfelleskap veien til vekst for en kirke som stadig er på defensiven i Norge?

---

Verbum forlag

  • Stifta 26. april 1820 av Bibelselskapet
  • Namn til 1985: Andaktsbokselskapet
  • Er frå 2011 igjen ein del av Bibelselskapet

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker