Bøker

– Halfons sannigar og løgnar er stor og lesverdig litteratur

Om menneska i Eduardo Halfons bøker ikkje finn det dei leitar etter, finn dei mykje anna på vegen.

I ei sentral scene i romanen Kloster fortel hovudpersonen om ein tilbakevendande draum: Ein terrorist vil skyte han fordi han er jøde. Han benektar det eller svarer på arabisk med ord han har lært av sin libanesiske bestefar. Kloster er ein kort og innhaldsmetta roman om historias betydning, om løgn, sanning og identitet. Eller, med andre ord, om kva det er å vere menneske.

Det som skjer i staden

I mange bøker utgjer dei første setningane saman med boktittelen ein kontrakt og eit løfte om kva du som lesar har i vente. Kloster startar med å fortelje om to brødre som motvillig er i Tel Aviv for å vere med på søsteras ortodokse bryllup. Det viser seg at brudgommens slekt ikkje er ortodokse jødar og ikkje kjem i bryllupet. Det gjer heller ikkje eg-forteljaren. Han blir i staden innhenta av si eiga historie, av ei jødisk flyvertinne han tilfeldig møtte på ein skotsk bar i Guatemala for lenge sidan. I staden for ei eksotisk bryllupsskildring, får lesaren greie på noko av det som skjedde når dei to dreg rundt for å utforske landet og kvarandre.

Løgna og livet

Opplevinga av klagemuren og synet av den store muren med mange namn som omgir Israel, får forteljaren til å reflektere over kva ein mur er, på godt og vondt. Eit besøk til Dødehavet, gjer at han kan utforske meir om kva salt betyr. Det er her, ved dette geografiske lågpunktet som Dødehavet er, han fortel om draumen sin, om løgna som kan redde liv. Og han følgjer opp med å fortelje om jødar han har møtt som overlevde det nazistiske folkemordet ved å utgje seg som andre. Til dømes om den femårige, jødiske guten som voks opp som kristen jente bak dei trygge murene til eit nonnekloster.

Klosterets murar og det nye namnet gav ho, eller han altså, tryggheit. Dei gjorde det mogleg å redde livet, om ikkje identiteten. Denne spenninga mellom identitet, fridom og tryggleik går som ein raud tråd gjennom heile boka. Det gir sitatet frå av ein annan jødisk forfattar på dei aller første sidene, eit lite hint om, ein av dei mest kjente aforismane til Franz Kafka: «Et bur dro ut for å finne en fugl.»

Falske minne

Kloster er den tredje boka av Eduardo Halfon som er omsett til norsk. Dei to andre, Sorg og Den polske bokseren er også vel verd å lese. Gjer du det, vil du fort oppdage at bøkene er i nær slekt med kvarandre. Bifigurar, tematikk og til dels heile scener dukkar opp igjen i de ulike bøkene. I fleire av Halfons forteljingar prøver eg-personen, som har same namn som forfattaren, å finne ut meir om familiens fortid og si eiga samtid. Som detektiv på spor av den tapte tida, er han grundig, men ikkje spesielt vellukka. Om han ikkje finn svar på det han leita etter, oppdagar han på det viset mykje anna.

I dei første setningane av romanen Sorg fortel forteljaren det han hadde høyrt under heile oppveksten, at storebroren til faren drukna i ein innsjø i Guatemala som barn. Etterkvart blir det tydeleg at det gjorde han slettes ikkje. Men forteljaren kjem på sporet av mange andre barn som faktisk drukna der. Samstundes er han i stand til å samle mykje materiale som kan få lesaren til å skjøne meir av verdien av falske minne.

Usikker grunn

I den episodiske romanen Den polske bokseren er tittelpersonen en bifigur. Etter nesten seksti års tausheit om sitt liv som konsentrasjonsleirfange snakkar forteljarens bestefar om han. Ifølgje bestefaren var det denne jødiske medfangen som gjorde ham i stand til det tilsynelatande umoglege, nemleg å overleve fem år i ein konsentrasjonsleir. Den polske boksaren som fortalde bestefaren det han trengte å vite for å overleve det lange opphaldet i Auschwitz, framstår lenge som ei sanning om det uforklarlege ettertida ikkje har direkte tilgang til. Men etterkvart begynner bestefaren å fortelje om heilt andre grunner til at han overlevde. Dermed blir den sikre grunnen under føtene forteljinga syntest å tilby, usikker igjen. Halfons forfattarskap er full av eksempel på slike sanningar som gjer det mogleg å forstå historia og å skape identitet, sanningar som ved nærmare ettersyn viser seg å vere falske minne, illusjonar eller altså med eit anna ord: litteratur. Tilmed stor og lesverdig litteratur.

LES OGSÅ: Denne tyske bestselgeren er en skarp kommentar til en samtid besatt av identitet

---

Roman

  • Kloster
  • Eduardo Halfon
  • Oversatt av Signe Prøis
  • Solum Bokvennen, 2020

---

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker