Bøker

Fanga under jorda

Grensesprengande frå dagens Tyrkia om forteljinga og fantasien sin kraft.

Den tyrkisk-kurdiske forfattaren Burhan Sönmez sin siste roman Istanbul Istanbul handlar om ti dagar i livet til fire menn som er innesperra i ei to kvadratmeters lita celle tre etasjar under Istanbul. Det høyrest unekteleg ut som eit opplegg til ein både klaustrofobisk og smal roman. Men ein treng ikkje lese mange setningar før ein skjøner at boka tvert om er grensesprengande, medrivande og til og med morosam.

I ei mørk celle

Ein student, ein lege, ein barberar og ein gammal mann frå landsbygda ventar på nye forhøyr og meir tortur. Imens får dei tida til å gå i den kalde og mørke cella ved å fortelje kvarandre historier. Ikkje berre for å få tida til å gå, viser det seg snart, men også for å få tida og livet til å henge saman og for å kunne halde ut.

Dei kjenner ikkje kvarandre på førehand og veit derfor instinktivt at dei ikkje skal røpe kvarandre for mykje om sitt eige liv, om kvifor dei er fengsla og alt det som må vere hemmeleg. For dei veit jo ikkje kven av tilhøyrarane som kan kome til å fortelje noko vidare under tortur, eller som kanskje er informant. Politifolka i forhøyrsrommet er ute etter vedkjenningar og sanning. Dei fire som høyrer på kvarandre i cella har meir behov for forteljingar som kan utvide rommet, fiktive historier som ikkje nødvendigvis treng vere nye eller basert på fakta, ikkje ein gong sannsynlege.

Gamle vitsar og eventyr

Forteljingane dei fortel er på merkeleg vis nødvendige og dei seier noko sant om menneskelivet. Det dreier seg i stor grad om gjenbruk og resirkulering av ulike forteljingar og dikt dei kjenner frå før. Gamle vitsar, gåter og fragment av eventyr blir pressa til siste dråpe, dratt ut og gjerne fortalt i sanntid slik at det tar like lang tid å fortelje noko som å oppleve det. Utgangspunktet kan også vere ein gjenstand: Ei klokke som viser tida ti minutt feil eller nokre øredobbar. Og som i all munnleg forteljarkunst er forteljaren fleksibel og tilpassar seg til tilhøyraranes behov og respons. Då det blir tydeleg at dei som sit i den kalde cella ikkje set pris på detaljar om den iskalde vinterdagen, kan ein starte på nytt og fortelje med meir varme om det som kunne ha skjedd ein sommardag.

Forteljingar om håp

Lesaren oppdagar at det også er snakk om gjenbruk av litterære verk som Moby Dick, Dekameronen og av dikt av Baudelaire. I Dekameronen, Boccaccios storverk, er det dei som har rømt frå pesten som fortel kvarandre forteljingar i løpet av nettopp ti dagar. Boka blir utrykkeleg diskutert i cella. Akkurat som forteljingane i den førre tidagarsboka Dekameronen ikkje handlar om det dei har flykta frå, pesten, gir dei fire som sit fengsla i sine ti dagar i Istanbul Istanbul inngåande skildringar av alt anna enn det som trugar liva no. Det dreier seg heller om kjærleik og håp, om overraskande samanhengar og om glimt av lykke. På det viset held forteljingane livet oppe.

I tillegg finst det nokre litt meir skjulte referansar til litterære storverk her. Den gamle mannen som sit fengsla langt under bakkenivået i Istanbul, har eigentleg aldri vore i byen før. Han har berre høyrt mange fantasifulle forteljingar om alt det som kan skje der. På den måten er Istanbul for han først og sist eit namn på noko imaginært, ein draum, eller namnet på ein usynleg by. Desse skildringane er diskrete vink til Italo Calvinos nydelege roman Usynlige byer.

Røyk og raki

Allereie tittelen Istanbul Istanbul peikar mot at boka ikkje er ei reiseskildring eller ein dokumentar om livet i den tyrkiske hovudstaden i dag. Eit bynamn i seg sjølv er ein referanse, gjentatt blir det meir som å sverje, eller ein bøn. For dei som sit innesperra i cella er dei høgst ulike forteljingane i stand til å vende nød, gje glimt av håp og kanskje også formidle ny innsikt om livet, det verkelege.

Forteljingane gjer det òg mogleg å drøyme seg bort saman, innbille seg og leike for fullt alvor at ein delar røyk og raki i cella, eller til med at ein møtest ein ettermiddag i det fri og sit og et og drikk i sola ved Bosporos–sundet. Dei ulike forteljingane set spørsmålsteikn ved dei enkle førestilling om kva sanninga eigentleg er. Istanbul Istanbul er alvor og samtidig ein fabel, ei vedunderleg bok som demonstrer kvifor forteljingar er livsviktige, for å kunne halde ut, men også for å forstå det som skjer.

Imponerande sidespor

Forfattaren Burhan Sönmez veit kva han skriv om. Han har sjølv vore arrestert og blitt mishandla i Tyrkia. Eg kjenner at eg får lyst til å lese fleire av bøkene hans, gjerne på norsk, gjerne også omsett av Ingeborg Fossestøl. For dei av oss som er glade i litterære kvalitetsseriar er Aschehougs imponerande Sidespor–serie ein god nyheit. Det dreier seg om vakre utgjevingar av kvalitetssikra litteratur frå heile verda. Det einaste eg er skeptisk til er namnet: Dersom dette er sidespor, veit eg ikkje heilt kva hovudsporet skulle vere.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker