Bøker

Mektig slektshistorie

Edvard Hoem skriv fram slekta si med meisterskap i språkleg framstilling, research og innlevingsevne. I skildringa av tipp­oldemora som var jordmor, trer 1800-talet fram for oss som om det skulle vore i går.

Slektskrønika har dei seinare åra gjort nokre markante nedslag i den norske samtids­litteraturen. Sjangeren som går attende til Det gamle testamentets dagar, blir framleis utvikla og fornya­ av forfattarar som Dag Solstad, Jan Kjærstad og Edvard Hoem. Men der Solstad i Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591–1896 insisterte på anti-dikting, og kritiserte forfattarar som tek plass i psyken til historiske personar, tek Oktober-kollegaen Edvard Hoem denne devisen med stor ro: Hoem diktar så det sprutar, med utgangspunkt i visse dokumentariske fakta. Og han diktar godt.

Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren er skildringa av Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, som levde frå 1793 til 1877 – ho døydde­ med andre ord hundre år før eg sjølv vart fødd. Denne avstanden i tid, som reelt sett har viska ut dei fleste spor etter både Marta Kristine og dei andre historiske personane forfattaren skriv om i romanen, blir gjennom ­Hoems romankunst oppheva som ved eit trylleslag. Vi kjem nært innpå Marta Kristine, så nært at det oppstår band på tvers av generasjonar og hundreår.

Blant anna mista ho sjølv eit barn. Det måtte jordmora bere med seg vidare. Men ho både fekk, og tok imot, så mange gonger fleire enn ho mista.

Naturleg opptakt

Jordmor på jorda er ei ­utviding av ei bok Edvard Hoem har skrive tidleg­are, på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne fekk ikkje stor spreiing i allmenn­marknaden, så det er forståeleg at forfattaren ti år seinare – og etter massiv suksess med slektskrønika si har omarbeidd forteljinga til ein fullblods roman.

No står han fram som ein naturleg opptakt til slektskrønika som startar med Slåttekar i himmelen og held fram med Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv ingen har levd. Marta Kristine er mor til Knut Hansen Nesje, Hoems oldefar og hovudperson i første bok.

Det er ei mektig slektshistorie Hoem har skrive. Også i Jordmor på jorda utmerkar forfattaren seg med diktarisk kraft og eksistensielle tematikkar. Livet på 1800-talet var på liv og død, det var ein dagleg kamp for tilveret, ikkje minst med heilt andre vilkår for kvinnene langs fjorden enn dei har i dag.

Førebilete

Marta Kristine er eit førebilete av rang – ho gjekk på sine eigne føter frå Romsdalen til Christiania for å skaffe seg ordentleg jordmorutdanning. Ho stod i tenesta i over 50 år, slik ho overlevde sju kongar og tente under fire. Hadde ho levd i dag, ville ho truleg blitt lønna med ein kongeleg fortenestemedalje.

Boka er også ei skildring av eit samliv som ikkje berre var lett – frå knutane som oppstod mellom Hans Nesje og Marta Kristine i ungdommen til samlivet som i stor grad skulle bli prega av mannen sine psykiske krigsskadar. Og kring denne store forteljinga, ligg det fleire små – som Marta Kristines eldste dotter, Ingeborg, hennar uvilje mot sitt eige opphav, og i neste omgang hennar store offer for å halde saman ein trengande familie.

Medrivande

Edvard Hoem fortel stort sett heile vegen på ein særs overbevisande måte, med innleving, utan å bli sentimental, og med full kontroll over tidskoloritt og ordtilfang. Berre i somme svært små parti får eg ei vag kjensle av transportetappe, der ein kan ane at vekta tippar mot det dokumentarisk-oppramsande framfor forfattaren si forteljarkraft. I hovudsak held Hoem meg fast i sitt medrivande 1800-tals­univers gjennom 350 velskrivne sider.

For å seie det enkelt, og for så vidt med dobbel botn: Edvard Hoem har gjort det igjen. Jordmor på jorda er i utvida og revidert versjon ein ny stor roman frå ein av Noregs beste forteljarar. I sine modne år, og med eit halvt hundre ­utgivingar på samvitet, er Hoem framleis på høgda av si dikteriske kraft.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Bøker