Bøker

Aftentid, og mørket stiger

Ole Asbjørn Ness har skrive ein ambisiøs roman om jakta på meining, kjærleik og religion på nittitalet. Boka kastar lys, men også skugge, over vår eiga uoversiktlege samtid.

Daniel vil bli rik, «så rik at han kan be hele verden dra til helvete». Hanna vil bli skodespelar og dramatikar. Kateb vil bli ein kjend forfattar. Romanen Aftenlandet gir ei inngåande skildring av korleis det går når desse store ambisjonane møter røyndomen i nittitalets Europa. Denne omfangsrike romanen om vår nære europeiske fortid skildrar skuggesidene ved det moderne livet på både mangefasettert og tankevekkande vis.

Gudlaus verd

Dei tre romanpersonane, som alle er i tjueåra, har sine indre demonar å kjempe med: Daniel er blitt misbrukt av mora si. Hanna kjenner stadig sterk skuld for at ho gikk med på å abortere det barnet Daniel var far til. Kateb blir fengsla og torturert i heimlandet Algerie fordi han har husa venen Omar, ein terror­mistenkt islamist.

Alle tre prøver lukka, med vekslande hell, kan vi godt røpe, i London, godt utafor heimlandets grenser. Den harde røyndomen dei møter i det dei alle opplever som ei gudlaus og mørk verd, gjer at dei slit med å framstå som psykisk sunne og velbalanserte. Både Kateb og særleg Hanna prøver i denne situasjonen om religion kan vere ei løysing. Daniel på si side trur allereie klippefast på noko som heller ikkje er synleg for det blotte auge, på marknaden og kapitalismens indre lovmessigheiter.

LES INTERVJUET MED OLE ASBJØRN NESS: – Vi kan ganske lite om kristendom og har dårlig forståelse for religion.

Urovekkande

Ole Asbjørn Ness viste allereie for fjorten år sidan at han var ein skjønnlitterær forfattar å rekne med. Debutboka Det er natt frå 2004 fekk gode meldingar og Tarjei Vesaas debutantpris. Ikkje uventa er også den nye romanen rik på litterære referansar. I tillegg har Ness også omfattande kunnskap om økonomi og erfaring frå den moderne finansmarknaden. Fleire lesarar vil bli kjent med nokre nye fagutrykk, til dømes «implisitt volatilitet» og «risikoarbitrasje». Meir urovekkande er det å lure på om skildringane frå finanslivet er sanne, at det altså er mogleg å bli så rik på å ruinere så mange på utspekulert og lovleg vis. Dessverre tyder lite på at akkurat dette er fri dikting.

Utan samvit

Den samvitslause spekulanten Daniel er ein figur ein kan gjenkjenne frå mange skildringar nettopp frå tiåra før finanskrisa, til dømes i finansakrobaten Gordon Gekko frå filmen Wall Street. Også den tvilande muslimen Kateb med sine Albert Camus-referansar er framfor alt ein litterær skapnad, på godt og vondt.

Noko av det som er minst litterært overbevisande i boka er den lange skildringa islamisten Omar gir av den gjennomgode trappistmunken som han tok livet av, noko han stadig har dårleg samvit for. Samtalen mellom offer og drapsmann er rørande og oppbyggeleg og kan gå rett inn i kristne søndagspreiker. Det verste er at den er basert på sanne historier. Lesaren blir likevel ikkje heilt overbevist om at Omar ville ha fortalt ei slik historie på ein slik måte til sin tvilande ven Kateb.

Tendensroman

Kanskje skal ein lese denne ambisiøse og velskrivne romanen som ein idéroman, kanskje til og med ein tendensroman som vil setje samtidsproblem under debatt? Mykje talar for det. Mange vil undre seg litt over tittelen, som jo er eit lite peik til Ness› sin debutroman. Men det er også eit innforstått vink til ein litt eldre klassikar.

I år er det akkurat hundre år sidan den tyske filosofen Oswald Spengler gav ut sitt store sivilisasjonskritiske verk om vesterlandets undergang. Originaltittelen var «Der Untergang des Abendlandes» og Spengler ville nettopp vise at den europeiske sivilisasjonen og kulturen ubønhøyrleg nærma seg slutten. Lesarar av romanen Aftenlandet hundre år etter kan få ei kjensle av noko av det same, at det nærmar seg ein slutt – eller, i beste fall, ein ny start.

Familien

Overlevaren Daniel, som er god til å tolke tidas teikn, er trygt plassert i Hong Kong, langt frå Europa, ved starten på finanskrisa. I glimtet vi får av våre to gjenlevande heltar ved slutten av boka, lever dei eit liv der barna er det som gir livet innhald. Religion gav ikkje så mykje, heller ikkje kunsten. Dermed er vi der samtidslitteraturen i år blir sagt å ha ei tyngdepunkt, i familien og dei nære ting.

Barn kan gi livet innhald. Den viktige kampen vil då dreie seg om å vere betre foreldre enn ein sjølv har hatt. Kanskje er dette kallet litt mindre enn kallet til politisk endring, religiøs omvending eller å skrive ein totalroman. Men eit viktig og aktverdig kall i 2018 er det like fullt.

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Bøker