Å vera til
«Tidslys» er litt nedtur etter førre Torvund-bok. Men du verda, her er mange glimt av lysande ting.
Iblant blir Tidslys litt for ordrik og laust redigert. Men stundom gjev boka påminningar om kva som er viktig i livet, skriv vår meldar.
Morten Brun
Helge Torvund var i mange år etter debuten i 1977 éin av fleire solide lyrikarar i norsk samtidslitteratur – og med stor produksjon.
Men så, i 2007, kom det eit veldig sprang med diktsamlinga Alt er høy. Dette er eit eineståande lyrisk verk som kjem til å bli ståande når det meste av tidas strofer er gløymde.
Frå den Bosch-inspirerte og biletmyldrande Alt er høy der det groteske blandar seg med det moralske, gjekk han vidare på nesten same nivå med Om Alabama? der han mellom anna omtalar sin eigen kreftsjukdom. Samlinga leid noko under mindre stram redigering og stundom laus form. I alle fall: Den vaksne Torvund er så absolutt meir «på høgget» enn den yngre modernisten og surrealisten.
Bestill abonnement her
KJØP