Bokdykk
Kvifor er Levi Henriksen er så opptatt av det lågkyrkjelege i bøkene sine?
Forfattar Levi Henriksen er først ut i Vårt Land sitt litterære skriftemål på Kulturhuset i Oslo.
Roald, Berit
I ei tid der alt går berre raskare og raskare, er det viktig å innimellom dukke djupare ned i eit emne. Litteraturen er ein stad der det framleis går an å bli verande, lenge, kanskje fleire timar i strekk. Å sette av tid til å lese bøker, synest viktigare enn nokon gong.
I haust startar Vårt Land eit nytt konsept som vi har kalla for Litterært skriftemål. Det første arrangementet skal vere på Kulturhuset i Oslo i kveld, der Levi Henriksen er gjest. Henriksen skulle vere kjent for dei fleste Vårt Land-lesarar både som mangeårig spaltist i avisa og som forfattar av bøker som Feber, Snø vil falle over snø som har falt, Bare mjuke pakker under treet og Dagen skal komme med blå vind.
LES OGSÅ: Religion på litterært alvor
Bestill abonnement her
KJØP