Bøkene du bør lese om Israel og Palestina
LITTERATUR: Israelske og palestinske forfattarar kan skape ei større forståing av dei historiske linjene, kulturen og folka i det krigsramma området. Her er nokre gode lesetips, ifølge to ekspertar.
LEKTYRE: David Grossman (fra venstre) Amos Oz og Mahmoud Darwish har skrive bøker som kan skape ei større forståing av Israel/Palestina-konflikten. Det meiner ekspertar Vårt Land har snakka med.
NTB
– Det er viktig å lese bøker for å få innsikt i omstenda til andre menneske, seier Gunvor Mejdell, professor emerita ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo.
Mejdell har i lang tid vore blant dei fremste norske kjennarane av arabisk litteratur, noko som inkluderer nærgåande kjennskap til den palestinske litteraturen.
– Gjennom litteraturen kjem du under huda på folk. Det er ikkje nok å lese dei politiske analysane av Israel/Palestina-konflikten, meiner ho.
Bestill abonnement her
KJØP