Bob Hartman i rockebandet Petra: – Jesus gav oss éin jobb
MUSIKK: Bob Hartman starta det som skulle bli verdas største kristenrockband. – Vi har berre prøvd å vere trufaste og lytte til Gud, seier Petra-gitaristen i eit eksklusivt intervju med Vårt Land.
KRISTENROCKAR: Bob Hartman er gitarist i og grunnleggar av det kristne hardrockbandet Petra. – Planen var å dele den kristne trua vår gjennom musikken, seier han.
Alf Kjetil Walgermo
– Planen var å dele den kristne trua vår gjennom musikken, seier Bob Hartman.
Han grunnla det som skulle bli verdas største kristenrockband, Petra, i 1972. Over femti år seinare turnerer bandet framleis og spelte tre konsertar i Noreg tidlegare i haust. Gitaristen, låtskrivaren og bandgrunnleggaren hadde ikkje sett for seg at dei skulle halde på så lenge. Heller ikkje at dei skulle bli eit av verdas største band.
– Vi spelte i parkar, i fengsel, på kafear og på skular. Vi var basert i Fort Wayne, Indiana. Så fekk vi nasjonal merksemd då det første albumet vårt kom ut i 1974. Eg hugsar at vi fekk ein telefon frå Texas, det var ei svær greie, fortel Hartman når han ser tilbake på åra som er gått.