Berømt nobelprisvinnar avslutta sitt eige liv
DØDSHJELP: Nobelprisvinnaren Daniel Kahneman var rekna som ein av verdas fremste tenkarar. Han valde å døy for eiga hand i Sveits.
DØDSHJELP: Daniel Kahneman avslutta livet sitt i Sveits.
Denise Applewhite, Princeton University
Då den verdsberømte psykologen Daniel Kahneman døydde som 90-åring i fjor, heitte det i omtalen frå Princeton-universitet at han døydde «fredfullt», tjueto dagar etter nittiårsdagen sin. I ein artikkel i Wall Street Journal kjem det no fram at israelsk-amerikanske Kahnemann døydde ved «sjølvbestemt assistert livsavslutting» i Sveits.
– Han valde å avslutte livet sitt. Nokre slit framleis med å forsone seg med avgjerda hans, skriv forfattaren og kommentatoren Jason Zweig.
Kahneman er ikkje minst kjent for å ha fått nobelprisen i økonomi og for boka Tenke, fort og langsomt (på engelsk: Thinking, fast and slow). Han blei rekna som ein av verdas fremste tenkarar, ikkje minst for arbeidet sitt med kognitiv psykologi. Mange undrar seg no over at ein verdsleiande autoritet innan avgjerdspsykologi – ein spesialist på dømmekraft og det å ta avgjerder – til siste valde å avslutte sitt eige liv som tilsynelatande frisk 90-åring.