Bøker

'Kven får lov til å snakke, og kven må tie?'

Haugianarane og Hauge var banebrytande, meiner Trygve Riiser-Gundersen. – Dei braut reglane for kven som får lov til å snakke. Dei gjorde det systematisk, på ein måte som ikkje er gjort før.

Forfattar og redaktør Trygve Riiser-Gundersen har skrive fleire vitskaplege arbeid om Hans Nielsen Hauge og haugianervekkinga, og skriv no på ei bok om den tidlige vekkinga. Han er oppglødd over Komme til orde, og seier Hauge og haugianismen aldri har blitt plassert inn i den politiske historia slik Johansen gjer det.

– Norske kyrkjehistorikarar har vore alt for fromme til å skrive om politikk, og norske historikarar har ofte vært for fordomsfulle til å forstå at det som er fromt også kan være politisk. Hauge og haugianarane har falle mellom alle stolar.

Indremisjonens versjon

Riiser-Gundersen meiner det var Gisle Johnson og Indremisjonen på slutten av 1800-talet som langt på veg har forma det bildet vi har i dag av Hauge og haugianarane.

– Veldig mykje av den seinare forståinga av Hauge er basert på Anton Christian Bangs store biografi om Hauge frå 1871. Bang var nær medarbeidar av Johnson, og vart seinare biskop. Der gjer han blant anna to ting: Han lét prestane i samtida bli til ein slem parodi. Og så lét han haugianarane bli lovlydige, forsiktige og fromme. Det er ein av grunnane til vi har underspelt og ikkje skjønt den politiske sprengkrafta til Hauge og haugianarane.

LES DENNE? KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad hyllet næringslivet, arven etter Hans Nielsen-Hauge og den sosiale markedsøkonomien i partilederforedrag

Kvinnerørsle

Riiser-Gundersen fortel at det berre var ein ting Bang meinte at Hauge gjorde ein feil: Å la kvinner preike.

– Det at kvinner reiste omkring og forkynte, er eit av dei mest talande uttrykka for korleis hauginanarane snudde opp ned på etablerte autoritetsforhold. Det er særleg radikalismen i den første fasen, fram til Hauge sat i fengsel, vi har ein tendens til å gløyme.

Tok ordet

Gundersen meiner det er viktig å hugse at da Hauge begynte å preike og agitere i 1796, var Danmark–Noreg langt på veg eit religiøst diktatur i landet, med streng einsretting og indoktrinering, og ein sterkt religiøs fundering av makta.

– I eit samfunn som dette blir eit religiøst opprør også politisk. Eg er nok meir oppteken av at dette ikkje er førebuing til politikk, men at det er politikk, hevder Riiser-Gundersen

Han løftar fram at Johansen i boka si viser korleis Hauge og haugianarane først tok ordet og forkynte. Og så svarte dei tilbake og heldt ikkje kjeft.

– Det sette styresmaktene heilt ut, dei visste ikkje kva dei skulle gjere. Dette er den grunnleggjande politiske handlinga til haugianerrørsla: Dei tok ordet, og ga det ikkje frå seg.

LES MER: Hauges anvendelige ettermæle

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker